DANMARKS NYE STATSMINISTER? Ifølge meningsmålingene ligger Helle Thorning Schmidt an til å bli Danmarks første kvinnelige statsminister.  (Foto: Dave Thompson/Pa Photos)
DANMARKS NYE STATSMINISTER? Ifølge meningsmålingene ligger Helle Thorning Schmidt an til å bli Danmarks første kvinnelige statsminister. (Foto: Dave Thompson/Pa Photos)

Helle Thorning-Schmidt kan bli statsminister

Ti år med konservativt styre i Danmark ser ut til å gå mot slutten.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dersom meiningsmålingane heldt seg, får Danmark sin første kvinnelege statsminister etter folketingsvalet 15. september.

Sjå meir om det danske valet i Korrespondenten: 547079

Stor arbeidsløyse

Steen Thommerup har søkt 1400 jobbar på to år, og fått avslag på dei alle.

1400 AVSLAG: Den arbeidsledige historikaren Steen Thommerup har alltid stemt konservativt, men for første gang skal han stemme rødt, i håp om at det kan øke sjansen for å få jobb. (Foto: TV 2 Danmark)
1400 AVSLAG: Den arbeidsledige historikaren Steen Thommerup har alltid stemt konservativt, men for første gang skal han stemme rødt, i håp om at det kan øke sjansen for å få jobb. (Foto: TV 2 Danmark)

Den arbeidsledige historikaren har alltid stemt konservativt, men for første gang skal Thommerup stemme rødt.

Den sosialistiske Enhedslisten, som tilsvarar norske Rødt, får stemma hans ved valet 15. september.

Første val for Lille-Lars

Denne veka vart nye tal for arbeidsløysa lagt fram i Danmark. For tredje månad på rad stig arbeidsløysa – 6,1 prosent av arbeidsstokken står no utan arbeid.

Og dét er dårleg nytt for statsminister Lars Løkke Rasmussen. Han tok over jobben etter Anders Fogh Rasmussen, som hadde sikra Venstre – som tilsvarer det norske Høgre – tre sigrar på rad.

Denne gongen må Lars Løkke stå på eigne bein.

Statsbudsjettet er gjort opp med eit underskot på 85 milliardar kroner – noko som svekka tilliten til den borgarlege regjeringa.

«Gucci-Helle»

På grunn av sitt velkledde ytre har Sosialdemokratane sin leiar fått kallenamnet «Gucci-Helle» av sine politiske motstandarar, i eit forsøk på å framstille ho som langt frå den tradisjonelle venstresida.

For Thorning-Scmidt er det truleg over og ut dersom ikkje ho vinn valet.

44-åringen fekk jobben som leiar for Sosialdemokratane nettopp på at ho kunne slå Anders Fogh Rasmussen.

Ho klarte det ikkje i 2007, men denne gongen har ho meiningsmålingane på si side. Ho har danna allianse med Socialistisk Folkeparti, og saman med støtteparti har dei ei leiing over dei borgarlege på 2-3 prosentpoeng på meiningsmålingane.

Rasisme eller klar tale?

Økonomi og retten til å kunne gå tidleg av med pensjon har dominert valkampen.

Men dei siste åra har også innvandrings- og asylspørsmål har spelt ei viktig rolle i dansk politikk ved dei siste vala.

Dansk Folkeparti har vore støtteparti for den borgarlege regjeringa dei ti siste år, og har klart å presse gjennom ei rekke store innstrammingar i asyl- og innvandringspolitikken.

Men det betyr også at det er mindre å hente for Dansk Folkeparti ved dette valet.

Den raude blokka vil også - med få unntak - la dagens innvandrings- og asylpolitikk ligge fast.

Likevel forsøker Dansk Folkeparti å få fokus på innvandringsspørsmål, slik som i denne kontroversielle videoen.