TABBE:   Slike meldingar bør ikkje sendast ut, meiner Elin   Weronika Skarstad. Ho er mamma til 11 år gammle Daniel Skarstad Helland som fekk tabbe SMS frå Nav.  (Foto: PRIVAT)
TABBE: Slike meldingar bør ikkje sendast ut, meiner Elin Weronika Skarstad. Ho er mamma til 11 år gammle Daniel Skarstad Helland som fekk tabbe SMS frå Nav. (Foto: PRIVAT)

Daniel (11) fekk feilsendt SMS frå Nav

– Det var sjokkerande å lesa, seier mora hans om meldinga som skulle til ein heilt anna person.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Elleve år gamle Daniel Skarstad Helland frå Mo i Rana fekk tysdag ein SMS han ikkje skjønte noko som helst av.

Der stod det om barnet hans som hadde slutta i barnehagen i Bergen og skulle få kontantstøtte frå ein gitt dato. Guten skjønte lite, og sendte naturleg nok tekstmeldinga vidare til mor si, kanskje ho visste noko.

Mamma Elin-Weronika Skarstad, vart sjokkert over innhaldet i meldinga.

Skjønar ikkje at Nav sender ut slike meldingar

– Eg trudde ikkje dei sendte ut slike meldingar eg. Det handlar jo om kontantstøtta, og ein får vita fødselsdato, kvar dei er ifrå og når barnet slutta i barnehagen, seier ho til tv2.no.

Ho er klar på at slike meldingar bør ikkje sendast ut.

– Heldigvis fekk me ikkje namnet på barnet, legg ho til.

LES OGSÅ: Mor pleier dødssyke Bertine (3) – Nav ville ikke gi henne pleiepenger

Ho seier ho ikkje skjønar kvifor Nav sender ut slike meldingar.

– Ein SMS kan jo lett koma på avveie, peikar ho på.

Ho viser til fleire historier i media om at personopplysningar har kome på avveie.

SMS: Dette er tabbe-SMSen som Nav sendte ut denne veka. (Foto: PRIVAT)
SMS: Dette er tabbe-SMSen som Nav sendte ut denne veka. (Foto: PRIVAT)

– Dei må skjerpa rutinane sine, det er jo trass alt menneske dei jobbar med, seier Skarstad.

Det var på tysdag Daniel Skarstad Helland fekk meldinga. Torsdag ettermiddag, når tv2.no er i kontakt med ho, hadde Nav framleis ikkje oppdaga feilen.

Nav legg seg flat

Når tv2.no er i kontakt med leiaren for Nav Forvaltning Stord, som står bak feilsendinga, legg leiaren der seg flat med ein gong.

– Dette er veldig beklageleg, seier leiaren for Nav Forvaltning Stord, Anne Lise Flodsand.

LES OGSÅ: NAV skaffet single Roy samboer

Ho seier at ho har snakka med sakshandsamaren som sendte ut meldinga. Sakshandsamaren seier at det er skjedd ein menneskeleg glipp.

– Men det står ikkje namn eller personnummer i meldinga, så me har ikkje brote teieplikta vår, legg Flodsand til.

Ho seier at dei plar svara via SMS når folk kontaktar dei via e-post eller kontaktsenteret, og dei får beskjed om det.

– Men det er ikkje vanleg at me gjer dette, legg ho til.

Har ikkje system for å fanga opp feil

Ho innrømmer at Nav ikkje har eit system for å fanga opp om meldingane vert sendt feil.

– Me klarar ikkje å fanga dette opp før vedkommande som skulle hatt meldinga kontaktar oss, stadfestar ho.

I dette konkrete tilfelle gjaldt det utbetaling at kontantstøtte, og det står spesifikt i meldinga at om ein ikkje er einig i avgjersla frå Nav, må vedkomande ta kontakt med Nav og koma med ny dokumentasjon.

LES OGSÅ: Remi går på Nav-kurs – får ikke ta pappaperm

Noko som jo var umogleg i dette tilfellet, då meldinga hamna hjå heilt feil person.

– Når dei ikkje har fått meldinga frå oss, vil dei nok ta kontakt med oss igjen, meinar Flodsand.

Ho legg til at Nav er no er i sluttspurten med kontantstøtta, og fleire vender seg til dei enn dei plar ha.

– Fyrste SMS-feilen frå Nav

– No når me har fått melding om at det er skjedd ein feil, skal me klara å spora opp denne saka, lovar ho.

Flodsand hevdar at dette er fyrste gong dei har sendt ein slik SMS feil.

– Det som er viktig her er at det ikkje var sensitive opplysningar i meldinga. Dei sender me aldri ut på SMS, understrekar ho.

LES OGSÅ: Her risikerer de ansatte selv å bli NAV-klienter

Etter at tv2.no intervjua Flodsand ringer ho opp igjen.

– Saka er no i orden. Når me ikkje fekk svar på meldinga, kontakta me kommunen og fann ut at alt er i orden i denne saka, sluttar ho.