H+AP=SANT: I Bø i Vesterålen har Arbeiderpartiet samarbeidet i fire år uten problem. Nå vil dei samarbeide i fire nye år. Her representert ved Tom Tobiasen, tredjekandidat for Arbeidarpartiet (Til høgre) og  Sture Pedersen (H), som er ordførar og representerer Høgre. (Foto: TV 2)
H+AP=SANT: I Bø i Vesterålen har Arbeiderpartiet samarbeidet i fire år uten problem. Nå vil dei samarbeide i fire nye år. Her representert ved Tom Tobiasen, tredjekandidat for Arbeidarpartiet (Til høgre) og Sture Pedersen (H), som er ordførar og representerer Høgre. (Foto: TV 2)

Her samarbeidar Høgre og Arbeidarpartiet problemfritt

Men Arbeiderpartiet sentralt er «skeptiske» til eksperimentet i Vesterålen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Under kommunevalet i 2007 stilte Høgre og Arbeidarpartiet for første gong i historia felles liste i Bø i Vesterålen. No har det gått fire år, og dei to partia er framleis like gode vener.

Det var under TV 2s direktesendte valsending i 2007 at det historiske resultatet vart klart. Arbeidarpartiet og Høgre var saman størst i Bø i Vesterålen, og skulle styre saman.

No fire år seinare er samarbeidet like sterkt, og på ny stilles det felles liste. Sjølv om AP sentralt er skeptisk.

AP sleit med å riva seg laus

– Det var vanskelig for Arbeidarpartiet å riva seg så laus at dei ville akseptere at det kunne vera eit samarbeid mellom Høgre og Arbeidarpartiet, men me fekk det til, seier Tom Tobiasen, tredjekandidat for Arbeidarpartiet.

LES OGSÅ: Flere tusen norske barn går på ulovlige skoler

Full satsing på lokal næringsverksemd, er nok noko av forklaringa.

– Om ikkje Sturle hadde kome til makta, hadde det truleg vore nedlagt her, seier Ottar Bergersen, daglig leiar ved Kobbvågen steinknuseri.

Får 56 prosent

Ei fersk meiningsmåling utført av Norfakta frå AP og Høgresamarbeidet ei oppslutning på 56 prosent, blant dei knappe 3000 innbyggarane.

– Det som eg trur eg veldig viktig er at me er positive og har ei haldning til at me skal ha eit livskraftig samfunn som bør vidare. Det er det som er drivkrafta mi, og eg følar eg får ei veldig oppbacking av lokalbefolkninga, seier Sture Pedersen (H), ordførar i Bø kommune.

LES OGSÅ: Ønsker klar tale fra statsministeren