Denne fuglen enda sitt virke i møtet med grillen til ein stasjonsvogn av typen Toyota Avensis (Foto: Cato Husabø Fossen, firda.no/ANB)
Denne fuglen enda sitt virke i møtet med grillen til ein stasjonsvogn av typen Toyota Avensis (Foto: Cato Husabø Fossen, firda.no/ANB)

Nei - pipelyden kom ikke fra motoren...

Denne fargerike skapningen ble med på tur i tre mil.

Bilføraren vart overraska då fuglen framleis sat i grillen, tre mil etter samanstøyten.

Fleire sperra opp augane då dei kom på jobb utanfor avishuset Firda på Øyrane i Førde onsdag morgon.

Satt bom fast

Ein fargerik liten skapning sat nemleg bom fast i grillen på ein mørkeblå Toyota Avensis, som stod parkert på dei Firda-tilsette sin parkeringsplass.

Då bilførar vart kontakta og konfrontert med bilete av trafikkofferet vart vedkommande overraska.

Hardt møte

- Eg veit eg traff ein fugl som var litt for sein å kome seg ut av vegen, men at han skulle site i endå? Nei, det hadde eg ikkje trudd.

Det ulykksalege møtet mellom stasjonsvogn og fugl har etter alt å døme hendt på Bjørvikstranda i Gaular. Altså har fuglen site i grillen på ei strekning over tre mil.

Bilføraren skal seinare onsdag på planlagd service med bilen, og vittige kollegaer føreslo sjølvsagt at han måtte få bilverkstaden til å undersøkje «pipelydar frå motorområdet»...

Del med dine Facebook-venar

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Han kjørte ned tre mye større dyr - på én gang