børsrally (Foto: ALEX DOMANSKI/Reuters)
børsrally (Foto: ALEX DOMANSKI/Reuters)

Berg-og-dal-bane-turen på verdas børsar held fram

Oslo børs gjekk opp over 3 prosentpoeng på torsdagens børsrally. Betre arbeidslausetal i USA enn forventa dreg opp børsane der.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvar dag denne veka har vore ein berg-og-dal-bane-tur som verda ikkje har sett maken til på verdas børsar sidan mars 2009.

Medan måndag var ein nedtur på verdas børsar, gjekk det bratt oppover på tysdag. På onsdag var det fritt fall igjen, men på torsdag henta alt seg inn igjen, stort sett over heile verda.

På Oslo børs fekk dei ein oppgang på 3,25 prosent etter den kraftige smellen dagen før. Dei handla aksjar for nesten 7 milliardar kroner på børsen torsdag.

Opp heile 4,1 prosent i Italia

I Frankfurt gjekk dei fram med 3,28 prosent og i Paris med 2,89 prosent. I London gjekk FTSE indeksen fram med 3,11 prosent.

LES OGSÅ: Wall Street senket Asia

Italia på si side fekk ein auke på 4,1 prosent, og enda på 15.277,19 poeng.

Natt til torsdag starta dei asiatiske børsane på ein nedtur, men retta opp noko av fallet før stengetid etter at det blei spådd betre framtidsutsikter for amerikanske aksjar.

Bra dag i USA

Likevel enda Hong Kong og Tokyo i raudt, torsdag.

LES OGSÅ: Kraftig børsfall i USA

Industriindeksen Dow Jones steig med 417 poeng, 3,9 prosent, torsdag etter å ha tapt 520 poeng dagen før.

Saka held fram under biletet..

NEDGANGEN FORTSETTER: En valutahandler passerer en skjerm som viser utviklingen på Kospi-indeksen i Seoul 9. august. (Foto: Ahn Young-joon/Ap)
NEDGANGEN FORTSETTER: En valutahandler passerer en skjerm som viser utviklingen på Kospi-indeksen i Seoul 9. august. (Foto: Ahn Young-joon/Ap)

Den breiare Standard & Poor's-indeksen la på seg 4,57 prosent, medan teknologitunge Nasdaq steig med heile 4,69 prosent.

Onsdag var prega av raude tal i både USA og Europa. Då var det fyrst og framst bankane som leia nedgangen.

Ekstremt ustabilt

Bankane fryktar nytt press som følge av situasjonen i Hellas, og det gjekk og rykter om at den franske kredittverdigheita kjem til å bli nedgradert.

– Dette er ikkje eit ustabilt aksjemarkedet, det er eit ekstremt ustabilt aksjemarked, seier analytikeren Partick O'Hare i Briefing.com. (TV 2/NTB)

børsrally (Foto: Richard Drew/Ap)
børsrally (Foto: Richard Drew/Ap)