OPPRYDDING: Twitter blir brukt til å samla saman frivillige til å rydda opp etter bråket. (Foto: Scanpix/Skjermdump Twitter)
OPPRYDDING: Twitter blir brukt til å samla saman frivillige til å rydda opp etter bråket. (Foto: Scanpix/Skjermdump Twitter)
Statsminister David Cameron. (Foto: AP)
Statsminister David Cameron. (Foto: AP)

Går saman og ryddar opp etter gatebråket i London

Dan Thompson samlar frivillige til opprydding etter gatebråket.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

HELD SAMAN: Menneske som har meldt seg frivillig til opprydding
  held hender før oppryddingsarbeidet tok til i Hackney. (Foto: Akira Suemori/Ap)
HELD SAMAN: Menneske som har meldt seg frivillig til opprydding held hender før oppryddingsarbeidet tok til i Hackney. (Foto: Akira Suemori/Ap)
Medan mydnigheitene har si fulle hyre med å få kontroll over situasjonen i London, og andre stadar i Storbritannia, går London-innbyggjarane saman og ryddar opp etter gatebråket, som har spreidd seg til ei rekkje bydelar.

Facebook og Twitter blir brukt til å samla frivillige til å rydda opp etter øydeleggjingane, ifølgje The Guardian.

Initiativet kom frå Dan Thompson, like etter midnatt, natt til måndag. Tysdag ettermiddag er det meir enn 60.700 som følgjer @Riotcleanup på Twitter.

Familiebedrifta gjekk opp i røyk

Øydeleggjingane er alt enorme, og for nokre har levebrødet gått opp i røyk. I bydelen Croydon gjekk eit heilt kvartal opp i røyk natt til tysdag. Møbelforretningen Reeves Corner frå 1867 brann ned.

– Eg har ikke ord. Den er vekke. Det er fem generasjoner, forteller eieren, Trevor Reeves til Sky News.

– Livene våre er ødelagt. Det er forferdelig, legg broren til.

Her kan du se bilder som viser det sterke engasjementet til innbyggerne i London.

Vli møta opptøyet med 16.000 politimenn

Statsministar David Cameron møtte pressa utanfor Downing Street 10 tysdag. Der gjorde han det klart at alt som er nødvendig for å gjenoppretta orden, vil bli gjort. I fyrste omgang betyr det blant anna å styrkja London-politiet.

– Politimenn har vist eit utruleg mot, men det er klart at vi må ha mykje mer politi i gatene, og ein langt meir robust politistyrke, sa Cameron.

Til kvelden vil det vera 16.000 politifolk ute i London, sa statsminister Cameron.

Her brenner familiebedriften til Trevor Reeves opp. Reeves Corner
  lå i Croydon, sør i London. (Foto: Lewis Whyld/Pa Photos)
Her brenner familiebedriften til Trevor Reeves opp. Reeves Corner lå i Croydon, sør i London. (Foto: Lewis Whyld/Pa Photos)

London-politiet vil få hjelp frå politistyrkjar frå andre stadar i landet.

– Vi vil gjera alt som er nødvendig for å gjenoppretta orden, sa Cameron.

Les også: – Gateopprøret i London er eit uttrykk for fattigdom

Statsminister David Cameron vil også samla dei andre folkevalde til debatt, og kaller saman parlamentet til eit krisemøte torsdag.

– Dei ansvarlege vil bli stilt til rette

David Cameron omtalte gateopptøyane som rein kriminalitet.

– Dette er kriminalitet, enkelt og greitt, og må bli konfrontert og knust.

Cameron gjorde eit poeng av at dei som står bak opptøyane vil få si straff.

– Er du gamal nok til å utføra dette, må du ta konsekvensen av det, sa Cameron, som også uttrykte medkjensle for alle som no lir etter gatebråket.

450 arrestert

Opptøyane natt til tysdag var tredje natta på rad med uro. London-politiet gjer sitt for å stoppa bråkmakarane, men har ein vanskeleg jobb, ettersom uroa sprer seg til fleire og fleire bydelar.

Til no er 450 arrestert, ifølgje Cameron.

– Det vil koma fleire arrestasjonar, sa Cameron.

Blant dei arresterte er tre personar mistenkt for drapsforsøk, etter at to politimenn blei påkjørt.

Samstundes som fleire og fleire gater i London ser ut som slagmarker, har uroa også spreidd seg til andre byar. Både i Birmingham, Liverpool, Nottingham og Bristol har ein opplevd bråk i gatene.

Les meir: Cameron avbryter ferie for å håndtere urolighetene i Londonog Uroligheter også i Birmingham