Statsminister David Cameron. (Foto: AP)
Statsminister David Cameron. (Foto: AP)

Cameron: Vi skal gjera alt som er nødvendig for å gjenoppretta orden

– Dei ansvarlege vil bli haldne ansvarleg, seier statsminister David Cameron. Til kvelden vil det vera 16.000 politifolk ute i Londons gater.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Storbritannias statsminister David Cameron har kome heim frå ferie, til eit London, der gater ser ut som krigssonar, etter nok ein natt med opptøyar.

Les også: Her hopper kvinnen for å berge seg fra flammene i Croydon

Set inn 16.000 politimenn

Etter eit møte med ulike instansar frå myndigheitene møtte Cameron pressa utanfor Downing Street 10. Der gjorde han det klart at alt som er nødvendig for å gjenoppretta orden, vil bli gjort. I fyrste omgang betyr det blant anna å styrkja London-politiet.

– Politimenn har vist eit utruleg mot, men det er klart at vi må ha mykje mer politi i gatene, og ein langt meir robust politistyrke, sa Cameron.

Til kvelden vil det vera 16.000 politifolk ute i London, sa statsminister Cameron.

Her brenner familiebedriften til Trevor Reeves opp. Reeves Corner lå i Croydon, sør i London. (Foto: Lewis Whyld/Pa Photos)
Her brenner familiebedriften til Trevor Reeves opp. Reeves Corner lå i Croydon, sør i London. (Foto: Lewis Whyld/Pa Photos)

London-politiet vil få hjelp frå politistyrkjar frå andre stadar i landet.

– Vi vil gjera alt som er nødvendig for å gjenoppretta orden, sa Cameron.

Les også: – Gateopprøret i London er eit uttrykk for fattigdom

Statsminister David Cameron vil også samla dei andre folkevalde til debatt, og kaller saman parlamentet til eit krisemøte torsdag.

– Dei ansvarlege vil bli stilt til rette

David Cameron omtalte gateopptøyane som rein kriminalitet.

– Dette er kriminalitet, enkelt og greitt, og må bli konfrontert og slått ned på.

Cameron gjorde eit poeng av at dei som står bak opptøyane vil få si straff.

– Er du gamal nok til å utføra dette, må du ta konsekvensen av det, sa Cameron, som også uttrykte medkjensle for alle som no lir etter gatebråket.

450 arrestert

Opptøyane natt til tysdag var tredje natta på rad med uro. London-politiet gjer sitt for å stoppa bråkmakarane, men har ein vanskeleg jobb, ettersom uroa sprer seg til fleire og fleire bydelar.

Til no er 450 arrestert, ifølgje Cameron.

– Det vil koma fleire arrestasjonar, sa Cameron.

Blant dei arresterte er tre personar mistenkt for drapsforsøk, etter at to politimenn blei påkjørt.

Samstundes som fleire og fleire gater i London ser ut som slagmarker, har uroa også spreidd seg til andre byar. Både i Birmingham, Liverpool, Nottingham og Bristol har ein opplevd bråk i gatene.

Les meir: Cameron avbryter ferie for å håndtere urolighetene i Londonog Uroligheter også i Birmingham