TJUVERI: Frå denne moskeen i Drammen opplever dei stadig vekk tjuveri. No vil dei videoovervaka lokala. (Foto: Skjermdump Det Tyrkiske Trossamfunnet i Drammen og Omegn )
TJUVERI: Frå denne moskeen i Drammen opplever dei stadig vekk tjuveri. No vil dei videoovervaka lokala. (Foto: Skjermdump Det Tyrkiske Trossamfunnet i Drammen og Omegn )

Blir rundtstjålet mens de ber i moskeen

Vil innføra kameraovervaking i moskeen for å ta tjuven på fersken

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Lommebøker, telefonar og sko og andre ting er blitt borte, seier Orhan Al, styreleiar i Det Tyrkiske Trossamfunnet i Drammen og Omegn til TV2.no.

Det var etter at dei flytta moskeen sin til sentrum av Drammen tjuveria starta.

– Folk vert redde

– Når det skjer vert medlemmene utrygge og byrjar å mistenkja kvarandre, fortel Al.

Det var Drammens Tidende som fyrst skreiv om denne saka.

LES OGSÅ: Parkeringsselskap driver ulovlig videoovervåkning

– Får dette halda fram vil folk verta meir og meir usikre og redde på grunn av tjuveria, seier han.

Trussamfunnet har rundt 1150 medlemmer.

Det starta med tjuveri av sko, som dei truande må ta av seg like innanfor inngangen. Men og frå garderoben i kjellaren har ting forsvunne.

Difor har no folk byrja å ta med seg jakkene inn i bønnerommet. Noko som ikkje er særleg populært.

– Det ser ikkje bra ut, seier Al.

LES OGSÅ: A1 Security kameraovervåket Nina og sendte ut bot

Problemet til moskeen er at dei ifølgje islam ikkje kan låsa dørene, då moskeen er Guds hus og ein kan ikkje stenga ute nokon.

Har ikkje råd til vakter

Difor vil dei videoovervaka alle tre inngangane. Kamerautstyret er alt kjøpt inn, montert opp men ikkje tatt i bruk.

– Me skal ikkje overvaka folk, men om ting skjer skal me kunne gå tilbake på opptaka våre og sjå kven som har vore inne, peikar han på.

– Kanskje vil folk tenkja seg om to gonger og, når dei ser at lokala er videoovervaka, seier han.

Dei har og opplevd at det er teikna hakekrossar på ytterveggane til moskeen.

Ifølgje Orhan Al er det mellom 2 og 300 menneske som møter opp på fredagsbønna.

Å leiga inn vakter er ikkje aktuelt.

– Det har me ikkje råd til. Og dei som kjem i moskeen kjem der for å be, peikar han på.

Han er og redd for at dei handlagde tyrkiske møblane deira skal verta stolne.

Skeptisk Datatilsyn

Datatilsynet mottok brevet frå moskeen den niande juni. Men har framleis ikkje behandla saka.

– Difor kan eg ikkje uttala meg om denne konkrete saka. Men generelt meinar me at det ikkje skal overvakast meir enn naudsynt, seier Trude Talberg-Furulund, fungerande informasjonsdirektør i Datatilsynet.

Men ho legg til at det kan vera private hensyn som veg opp.

Kortid har du lov til å overvaka med kamera?

– Kva tykker de om at moskeen alt har hengt opp fleire kamera?

– Det skal ein ikkje gjera. Det vil gje feil inntrykk å ha kamera på veggen som ikkje er i bruk. Det vil kunna gje inntrykk av at dei alt overvaker, det tykkjer me ikkje er greitt, seier Talberg-Furulund.

Bør ta ned kamera

– Så det vil seia at de vil oppmoda moskeen om å ta ned igjen kamera dei har sett opp?

– Det vil vel i grunnen i det, stadfestar ho.

Ho seier at ho aldri har høyrd om liknande overvaking av religiøse bygg i Noreg.