Foxconn (Foto: Kin Cheung/Ap)
Foxconn (Foto: Kin Cheung/Ap)

Kinesisk fabrikk vil bytte ut en halv million arbeidere med roboter

Gigantselskapet Foxconn vil kvitta seg med meir enn halvparten av dei tilsette og erstatta dei med ein million robotar.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det kunngjorde selskapet framfor 10.000 av sine tilsette i ein fabrikk i gigantbyen Shenzhen, heilt på grensa til Hong Kong.

Styreleiar Terry Gou sa at robotane skal utføra dei enklaste oppgåvene i fabrikken. Det melder nyhendebyrået AFP.

Nesten ein million tilsette

Foxconn har hovudkontoret sitt i Taiwan og er verdas største produsent av elektroniske komponentar. Selskapet vart grunnlagt i 1974 og hadde i 2010 ei omsetjing på godt over 300 milliardar kroner og over 920 000 tilsette.

LES OGSÅ: Steve Jobs forsvarer kinesisk selvmordsfabrikk

Blant kundane er mellom anna Apple, Dell, Nokia, HP, Nintendo og Sony Ericsson.

Foxconn har fleire tilsette enn desse bedriftene til saman.

Saka held fram under biletet

Foxconn (Foto: AFP/Afp)
Foxconn (Foto: AFP/Afp)

Foxconn har i dag rundt 10.000 robotar, og vil auka dette til 300.000 i løpet av 2012 og ein million innan 2014, seier Gou.

Halvparten av dei tilsette til gigantselskapet held til i byen Shenzhen, der hovudfabrikken til selskapet ligg.

Flyttar vekk frå Shenzhen

Dei siste åra har selskapet vore råka av fleire sjølvmord hjå sine tilsette. Sidan i fjor sommar har minst 14 menneske tatt livet sitt, mesteparten jobba og budde på fabrikken i Shenzhen.

Aktivistar hevdar at årsakene for sjølvmorda er knallharde arbeidsforhold.

LES OGSÅ: Ford-ingeniør ville selge hemmeligheter til Kina

Den siste tida har Foxconn flytta meir og meir av produksjonen sin til andre deler av Kina. Mellom anna opna dei i fjor ein fabrikk i Chengdu i Kina som kosta nesten 11 milliardar kroner å byggja.

Foxconn (Foto: STR/Afp)
Foxconn (Foto: STR/Afp)