Filippinske soldater ved et sjekkpunkt på Jolo, som er ekstremistseparatistenes høyborg. (Foto: Al Jacinto/Ap)
Filippinske soldater ved et sjekkpunkt på Jolo, som er ekstremistseparatistenes høyborg. (Foto: Al Jacinto/Ap)

Fillipinske soldater satte fyr på det de trodde var islamstisk militant: Torturerte uskyldig mann

No risikerar dei lange fengselsstraffer for torturmetodane sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Brannsåra på kroppen hans er grusomme. Dei helte bensin på fjeset, øyrene, magen og skrittet hans og tente på, seier Haniba Mussada ifølgje nyhendebyrået AFP.

Ho er syster til Abdul Khan Ajid som vart torturert av dei fillipinske soldatane. Hendinga skjedde på øya Basilan.

Ikkje sikkert han overlever

Ho seier at det er 50-50 om han overlever eller døyr etter terroren.

LES OGSÅ: Militante islamister halshogde rektor

Soldatane tok Ajid til fange og torturerte han for å få han til å innrømma at han var medlem av den muslimske ekstremistgruppa Abu Sayyaf, som er skulda for å stå bak landets største terrorangrep.

Saka held fram under biletet

Fillipinene Sørgar (Foto: Aaron Favila/Ap)
Fillipinene Sørgar (Foto: Aaron Favila/Ap)

Like før helga mista sju soldatar livet i kampar med dei muslimske opprørarane. 21 personar vart skadd.

– Me vil ikkje sjå gjennom fingrane med denne inhumane behandlinga av ein uskuldig sivilperson, seier oberst Domingo Tutaan, som leiar menneskerettsgruppa til det fillipinske forsvaret.

Ekstremt valdeleg islamittisk gruppe

Abu Sayyaf antas å bestå av rundt 300 krigarar og er den minste, men samstundes den voldelegaste væpna islamittiske gruppa på Filippinane.

– Dette er bodskapen me sender ut til soldatane våre; brot på menneskerettane vil aldri verta akseptert, seier Tutaan.

LES OGSÅ: 43 drept i sammenstøt på Filippinene

President Benigno Aquino tok over makta i landet for eit år sidan. Han lova å få ein slutt på brota på menneskerettar i landet, der mange aktivistar og journalistar har mista livet og eller vorte kidnappa.

Ofte har det vore mektige politikarar eller sikkerheitsstyrkar frå myndigheitene som står bak.

I det siste er presidenten vorte skulda for å ikkje halda løfta sine.

Fillipinene (Foto: Aaron Favila/Ap)
Fillipinene (Foto: Aaron Favila/Ap)