PYONGYANG: No kan innbyggarane i det lutfattige og ekstremt lukka landet kosa seg på ein ny restaurant. (Foto: ByeByeBaby/Wikimedia Commons)
PYONGYANG: No kan innbyggarane i det lutfattige og ekstremt lukka landet kosa seg på ein ny restaurant. (Foto: ByeByeBaby/Wikimedia Commons)
koreajpg
koreajpg
LuksushotellNK2FRONT
LuksushotellNK2FRONT

Åpner luksusrestaurant mens folket sulter i Nord-Korea

Kommunistpampane byggjer enorm luksusrestaurant medan 25 prosent av innbyggjarane svelt.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette bildet fra 2008, tatt av representanter fra World Food
  Programme, viser underernærte barn på et barnehjem i Chongjin, nord i
  landet. (Foto: AFP/AFP)
Dette bildet fra 2008, tatt av representanter fra World Food Programme, viser underernærte barn på et barnehjem i Chongjin, nord i landet. (Foto: AFP/AFP)

Restaurantkomplekset i Pyongyang skal i tillegg til ein luksusrestaurant innehalda eit treningssenter og sauna. Det melder nyhendebyrået AFP.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kulturminesteriet i Nord Korea og investorar frå Hong Kong, Phoenix Commercial Ventures.

Ope for turistar og fastbuande

Fasilitetane vil vera opne for fastbuande og turistar, blir det hevda på heimesida til selskapet som skal bygga restauranten, Phoenix Commercial Ventures.

LES OGSÅ: Norske Bjørnar (33) vil dø for Nord-Korea

(Saken held fram under biletet)

FERDIG: Slik ser komplekset ut ifrå lufta når det var ferdigstilt.
  (Foto: North Korea Electronics/Google Earth)
FERDIG: Slik ser komplekset ut ifrå lufta når det var ferdigstilt. (Foto: North Korea Electronics/Google Earth)

Bilete og ein video, publisert av ein underentreprenør, viser ein restaurant med lysekroner og skinnande marmorgolv. Du kan og klippa håret ditt eller ta deg ein symjetur når du er på besøk i komplekset.

Bygginga av dette komplekset får skilnaden mellom fattig og rik i det lukka landet til å framstå med all tydelegskap.

I følgje SN har 25 prosent av innbyggarane i landet store problem med å skaffa seg nok mat.

Har 150 barar i hovudstaden

Samarbeidsprosjektet Hana Electronics JVC vart etablert i 2003, og produserer DVD og VCD-spelarar og har meir enn 200 tilsette i Nord Korea.

Phoenix Commercial Ventures hevdar at det er rundt 150 barar og 350 restaurantar i hovudstaden Pyongyang.

LES OGSÅ: – 154.000 politiske fanger i Nord-Korea

Enkelte kafear og karaokebarar er opne seint, så lenge det er kundar til stades, vert det hevda.

(Saken held fram under biletet)

TOMME BUTIKKAR: Ikkje alle kan gå på restaurant i Pyongyang.
  Her frå ein tom butikk i hovudstaden. (Foto: Wikimedia Commons)
TOMME BUTIKKAR: Ikkje alle kan gå på restaurant i Pyongyang. Her frå ein tom butikk i hovudstaden. (Foto: Wikimedia Commons)

– Nord Korea forsøker seg på små eksperiment med frie marknadsøkonomiprosjekt, som ville ha vore utenkelege for berre nokre år sidan, seier Phoenix Commercial Ventures.

Restaurantar og barar som er opne for utanlandske turistar er viktige kjelder for å få inn naudsynt hard valuta i det lutfattige landet.

Eit anna prestisjeprosjekt som er under bygging i Pyongyang, er luksushotellet Ryugyong hotell.

3000 rom på 105 meter

Bygget skal, når det er ferdig, ha 3000 rom, sju restaurantar og 105 etasjar fordelt på 330 meter, og ein kan sjå det frå heile byen. Mellom anna skulle det innehalda roterande restaurantar.

Bygginga starta i 1987, men vart stoppa av økonomiske årsaker i 1992. Bygningskroppen er ferdig, men manglar glas og anna utstyr.

LES OGSÅ: – Nord-Korea er i ferd med å kollapse

Betongen som er brukt i gigantbygget skal vera av for dårleg kvalitet, og heile strukturen bøyer seg under trykket.

I 2008 starta eit egyptisk selskap vedlikehaldsarbeid på hotellet.

Men når det skal stå ferdig er ikkje kjent.

RAGAR: Luksushotellet Ryugyong er framleis ikkje ferdigstillt.
  23 år etter bygginga startar. Men skjelettet ragar i byen. (Foto: Myouzke
  /Wikimedia Commons)
RAGAR: Luksushotellet Ryugyong er framleis ikkje ferdigstillt. 23 år etter bygginga startar. Men skjelettet ragar i byen. (Foto: Myouzke /Wikimedia Commons)