Fire mennesker skadd i båtbrann - flere alvorlig skadd

Norsk båt tok fyr i hamna i Rotterdam. Fire personar sendt til sjukehus.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Brannen braut ut klokka 21.30, torsdag kveld, opplyser nederlandsk politi, skriv Channel 6.

Båten hadde ankome hamna i Rotterdam same kveld.

Fleire alvorleg skadde

Brannen skal ha starta i pipa på den 94 meter lange båten, før den spreidde seg til motorrommet, der den gjorde stor skade.

– Fire personar blei sendte til sjukehus etter å ha fått i seg røyk frå brannen samt damp frå diesel, seier ein talsmann for det lokale politiet til BNO News.

Fleire av personane skal vera alvorleg skadd, men det er ikkje stadfesta kor mange, eller kor alvorleg skadd dei er.

Ukjend brannårsak

Båten skal ha vore lasta med aluminium. Etter eit par timar hadde det lokale brannvesenet kontroll over brannen.

Brannårsaka er førebels ikkje kjend.