VANSKELIGERE I NØDEN: Det kan bli umulig å få tak i nødpass på Gardermoen i sommer (montasje).  ( © BEN)
VANSKELIGERE I NØDEN: Det kan bli umulig å få tak i nødpass på Gardermoen i sommer (montasje). ( © BEN)

Politet går snart tom for nødpass

Gløymske nordmenn sørger for at politet snart er tom for naudpass. Skreiv ut 7460 naudpass berre i juni.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Difor oppmodar politiet no dei som treng pass om å søkja om ordinært pass i god tid før dei skal reisa.

I løpet av juni månad måtte politiet skriva ut heile 7460 naudpass, noko som er ein auke på femti prosent frå same månad i fjor.

LES OGSÅ: Trenger du pass og visum?

Har 12.000 pass på lager

– Politiets data- og materiellteneste (PDMT) er tom for naudpass på sitt lager, og me kan difor ikkje garantera at me har nok naudpass, viss etterspurnaden blir stor, seier Unni Norum, seniorrådgjevar i juridisk seksjon i Politidirektoratet til Politi.no.

LES OGSÅ: Stadig flere glemmer passet

Politiet har per i dag rundt 12.000 naudpass på lager. Men månadane juli og august vert det normalt sett skrevet ut store mengder pass.

Jobbar med nye typar naudpass

I 2010 vart det skrevet ut heile 10.500 pass fordelt på dei to månadane, med ein topp på 7400 pass i juli i fjor.

LES OGSÅ: Vanskeligere å få nødpass på Gardermoen

Slik situasjonen er no, får ikkje politiet nye pass på lager før i månadsskiftet august september.

– Me beklagar situasjonen som har oppstått på grunn av den ekstraordinære auken i juni. Men PDMT har ikkje hatt store lager av naudpass, fordi det jobbast med nye løysningar for naudpass, og PDMT har difor ikkje ynskt å sitja igjen med store lagre når dei nye vert tatt i bruk, seier Norum.