FILMA: Ein 31 år gamal mann er mistenkt for å ha stole eit Picasso verk. Eit kamera på ein restaurant i nærleiken fanga tjuven på film. (Foto: AP Photo/Lefty O'Doul's/Ap)
FILMA: Ein 31 år gamal mann er mistenkt for å ha stole eit Picasso verk. Eit kamera på ein restaurant i nærleiken fanga tjuven på film. (Foto: AP Photo/Lefty O'Doul's/Ap)

Mann tok med seg Picasso-teikning under armen og gjekk

Blei arrestert på eit hotell dagen etter.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

TATT: Pablo Picasso teikna Tete de Femme i 1965. Tysdag vart det stole frå kunstgalleriet det hang på. (Foto: AP Photo/Weinstein Gallery/Ap)
TATT: Pablo Picasso teikna Tete de Femme i 1965. Tysdag vart det stole frå kunstgalleriet det hang på. (Foto: AP Photo/Weinstein Gallery/Ap)
Ein mann frå New Jersey er arrestert, mistenkt for å ha stole eit verk av Picasso frå eit kunstgalleri i San Francisco, ifølge nyheitsbyrået AP.

Filma av restaurant-kamera

Tysdag vart Picasso-teikningen «Tete de Femme» tatt frå Weinstein Gallery. Eit overvakingskamera på ein restaurant i nærleiken av Weinstein Gallery filma ein mann med eit innramma kunstverk under armen. Politiet trur at mannen som vart filma er den 31 år gamle mannen frå New Jersey som no er arrestert.

Truleg tok mannen med seg kunstverket og flykta i ein taxi.

1,5 mill. kroner

Ifølge politisjef Greg Suhr vart teikningen av Pablo Picasso, som skal ha ein verdi på 275.000 dollar, eller i underkant av 1,5 millionar kroner, funne igjen utan ramme. Politiet frur at den 31 år gamle mannen opererte på eiga hand.

Picasso-teikningen «Tete de Femme» er frå 1965.

Les også: 271 ukjente Picasso-bilder dukket opp i Frankrike og Picasso-litografi stjålet under nytt kunstran i Frankrike