Drap mor med over 20 hammarslag

Svensk 18-åring dømt for drapet på si eiga mor.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den 42 år gamle kvinna blei funnen ihjelslått i sin eigen heim i Sollentuna, nord for Stockholm, i desember i fjor. No er sonen dømt for drapet på mora. Ifølge den svenske avisa Aftonbladet.se slo sonen mora med hammar over 20 gongar.

Sonen, som var 17 år då det brutale angrepet på mora fann stad, kappa også av begge langfingrane til mora.

Dømt til psykriatisk behandling

Den no 18 år gamle guten har gjennomgått ein rettspsykiatrisk undersøking og sonen blei dømt til psykiatrisk behandling for drapet på mora, skriver Aftonbladet.

Det var far og bror til 18-åringen som fant mora. Då kvinna ikkje svarte på telefonen reiste dei heim til ho og fant ho livlaus på golvet.

Tok diamantar som minne

Politiet fant fleire diamantar frå ringane som kvinna pleidde å bruka på langfingrane. I avhøyr skal sonen ha fortalt at han sparte ringane som eit minne om mora.

Guten har erkjent at han slo mor i hovudet med ein hammar, men han hevdar at han gjorde det etter at han fann ho livlaus og kun for å forsikra seg om at ho verkeleg var død.