Dømt til forvaring for å ha voldtatt kjæresten

Ein mann i 50-åra fekk sin 23 dom. Må sona seks år i forvaring.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mannen skal ha valdteke, truga og utført vald under særs skjerpa omstende, skriv Halden Arbeiderblad.

I minst eit døgn skal mannen ha halde den dåverande kjærasten innesperra, valdteke ho og truga ho med kniv.

LES OGSÅ: Gutter dømt for voldtekt

Kvinna har i ettertid fått diagnosen posttraumatisk stressliding.

Dette er den 23. dommen mannen har fått. Han er tidlegare dømt for mellom anna valdtekt og grove ran, skriv avisa.

LES OGSÅ: Etterforsker mulige voldtekter i Oslo

No har myndigheitene avgjort at mannen må sona seks år i forvaring, samt betale kvinna ei oppreising på rundt 185.000 kroner.

Han vart og dømt for naskeri og drosjesvindel samstundes.