17 av 23   det kan trygt kalles god uttelling for politiet. Illustrasjonsfoto. (Foto: Scanpix)
17 av 23 det kan trygt kalles god uttelling for politiet. Illustrasjonsfoto. (Foto: Scanpix)

Kjørte forbi politiet - ble frikjent i retten

Ikke enig med politimannen i sivil som mente forbikjøringen var helt uforsvarlig.

Politiet anka heilt til lagmannsretten etter at dei blei forbikøyrt av ein 23-årig sogning tidlegare i vår. Det skriv firda.no.

I slutten av april valde Politiet å kverrsette førarkortet til ein 23-år gamal mann frå Sogn, etter at han etter deira syn skal ha føreteke ei ulovleg forbikøyring av ein sivil politimann i privatbil.

Ville ta lappen

Mannen skal ha køyrt forbi ein politimann i sivil på ei vegstrekning i Sogn tidlegare i vår. Politiet har i ettertid hevda at forbikøyringa var «ikkje i nærleiken av å vere forsvarleg», og ynskte å gje 23-åringen eit førelegg som òg ville inkludere tap av førarrett for seks månader.

Mannen har ikkje samtykka i kverrsettinga, og ville heller ikkje vedta førelegget.

Politiet gjekk rettens veg

Etter først å ha tapt saka i Sogn Tingrett, og ikkje fått medhald i å kverrsette førarkortet til 23-åringen, valde Politiet å anke saka til Gulating Lagmannsrett. Der har domarane oppretthald tingretten sitt standpunkt, og forkasta anken.

Strekninga kor forbikøyringa skjedde var vegen merka med gul varselline som angjev at «sikta framover er for kort til vanleg forbikøyring», i tillegg uttalte den forbikøyrte politimannen i retten at han - «I fleire sekund hadde sett ein møtande bil ute på strekka». Politimannen skal sjølv ha bremsa farten sin ned til cirka 50 km/t då han vart forbikøyrt.

Lagmannsretten var derimot ikkje overtydd om at forbikøyringa som fann stad var farleg nok til at den kunne ført til farlege situasjonar, og valde måndag samrøystes å gje 23-åringen førarretten mellombels tilbake.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firda.no - her:

LES OGSÅ: Ga full gass og kjørte forbi sivil politibil