Politiet i Ålesund slo til mot narkotikamiljø i byen

Sju personar er sikta for grov narkotikaforbrytelse.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I alt er 13 personar pågripne og per i dag er sju sikta, melder politiet i Ålesund i ei pressemelding.

– Dette er personar frå Nordfjord og Søre Sunnmøre busett i Ålesund, seier politiførstebetjent Sindre Ryssevik.

I tilegg er det pågripe to personar busett i Oslo.

Les også: Her blir Fabian Stang tilbudt narkotika

Personane er i 20-30-åra, blant dei pågripne er to kvinner.

Siktinga er eit resultat av fem-seks veker målretta arbeid mot eit narkotikamiljø i Ålesund. Politiet har gjort beslag på kring 320 gram amfetamin, ca 1100 tablettar og ei mindre mengd GHB og hasj.

– I Ålesund er det eit ganske stort miljø for narkotika, seier Ryssevik.

Saka er ferdig etterforska.

Les også: Mann satt på politistasjonen i Ålesund og kneip igjen - hadde rumpa full av narkotika