Minibank tom for norske kroner på grunn av fare for bankstreik. (Foto: TV 2)
Minibank tom for norske kroner på grunn av fare for bankstreik. (Foto: TV 2)

Økonomi-eksperter til bankkunder: – Slapp av

Frykt for bankstreik har alt tømt enkelte minibankar. – Eg ville ha slappa godt av, seier ekspert på økonomisk historie Ola H. Grytten ved NHH.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

CASH IS KING: 7. juni kan bankansatte være i streik - da gjelder det å ha sikret seg kontanter. (Foto: Junge, Heiko/SCANPIX)
CASH IS KING: 7. juni kan bankansatte være i streik - da gjelder det å ha sikret seg kontanter. (Foto: Junge, Heiko/SCANPIX)
Tysdag er det fare for bankstreik. Dersom partane ikkje kjem til einigheit før midtnatt blir det bankstreik frå kl. 08.00 tysdag. Det er varsla at 15.552 banktilsette kan bli tatt ut i streik. Ein streik fører til at det meste av banktenester og betalingsformidling i landet stoppar opp.

Les også: Slik kan bankstreiken ramme deg

Hamstrar ikkje

Ved fleire av landets minibankar sto folk i kø for å ta ut kontantar, og også i fleire banklokal blir det meldt om køar.

– Er det grunn til panikk?

– Eg har ikkje hamstra pengar, seier professor ved NHH, Ola H. Grytten, som blant anna har økonomisk historie som eit av sine spesialfelt.

Det er fleire år sidan banktilsette streika sist.

– Me har hatt streikar før då det har blitt trongt for likvide midlar, men eg ville ha slappa godt av, seier han, men legg til at han kan ta feil.

– Ein kan jo ikkje vita, seier professoren.

Heller ikkje forskar 1 på Institutt for innovasjon og økonomisk organisering ved Handelshøyskolen BI, Harald Espeli, trur det er fare for ein langvarig streik.

– Tre-fire dagar maks, spår Espeli.

Tar det med ro

Heller ikkje mannen i gata er særleg uroa for ein eventuell bankstreik. Dei fleste bankkundar som TV 2 snakka med i Oslo måndag føremiddag ser ut til å ta faren for streik med ro, men fleire ønskjer likevel vera føre var og tok ut litt ekstra pengar.

– Eg må ha littegranne cash om ikkje anna, men viss det blir full streik reknar eg med at den ikkje blir særleg langvarig, seier Frode Hjelde.

TAR DET MED RO: Det var kø for å ta ut pengar i fleire av hovudstadens minibankar måndag, men folk tar streikefåra likevel med ro. - Varer nok ikkje lenge, seier Frode Hjelde. (Foto: TV 2)
TAR DET MED RO: Det var kø for å ta ut pengar i fleire av hovudstadens minibankar måndag, men folk tar streikefåra likevel med ro. - Varer nok ikkje lenge, seier Frode Hjelde. (Foto: TV 2)

Også Ole Myraas og Tor Strøm tar det med ro, men dersom det blir streik og tomt for pengar har dei koner som har sikra seg litt ekstra kontantar.

– Dei har ordna seg, seier Myraas og Strøm.

40 prosent meir enn vanleg

Frå Nokas Cash Handling, som fyller minibankane med pengar, gjekk det sist fredag ut 40 prosent meir kontantar enn same fredag i fjor.

– Det er som det pleier å vera i forkant av ein varsla konflikt. Det går ut mykje pengar. Det verste har vel ikkje begynt enno. Det vil skje når publikum skjøner at det er alvor, seier Stig Ranheim i Nokas til NTB.

Nokas har ansvar for i overkant 400 av dei rundt 2500 minibankane i Noreg.

Partane i tariffoppgjeret, Finansforbundet og Finansnæringens Arbeidsgjevarforeining, braut forhandlingane torsdag 28. april. Partane starta mekling onsdag. Kommunikasjonsdirektør Leif Osland i bransjeorganisasjonen Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) gav før helga publikum råd om å ha kontantar på lur, men tilrådde ikkje hamstring.

– Det er alltid ein sjanse å ta med større kontantbeløp i lommeboka eller oppbevart andre stadar, sa Osland.

Finansforbundet krever høgare løner og at kompetanseheving blir tatt inn i lønsavtalene.

Sjå innslag på TV 2 Nyhetskanalen.

525708

(NTB/TV 2)