MELONEKSPLOSJONAR: Åkrar fulle med øydelagde avlinger. (Foto: Ap/Ap)
MELONEKSPLOSJONAR: Åkrar fulle med øydelagde avlinger. (Foto: Ap/Ap)

Kinesiske bønder våknet opp til eksploderte meloner

Feilbruk av vekstfremjande kjemikaliar er årsaka, ifølge kinesisk fjernsyn.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

ØYDELAGDE AVLINGER: Den kinesiske bonden held fram kjemikaliane som han har sprøyta melonane med før dei ekspoloderte. (Foto: Ap/Ap)
ØYDELAGDE AVLINGER: Den kinesiske bonden held fram kjemikaliane som han har sprøyta melonane med før dei ekspoloderte. (Foto: Ap/Ap)
Kinesiske bønder fortvilar etter at melonavlingar går til spele. Rundt 20 bønder rundt byen Danyang i Jiangsu-provinsen, aust i Kina er råka, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Oversprøyta med kjemikaliar

Men kan henda haustar bøndene som dei sår. Den kinesiske statskanalen CCTV hevdar at bøndene har oversprøyta avlingane med vekstfremjande kjemikaliar og at det er det som er skulda for at melonane har begynt å eksplodera.

Prisane over dei siste åra har tvinga mange bønder til å gå over til å dyrka vassmelonar. Ifølgje CCTV hadde ikkje bøndene brukt sprøytemiddelet før, sjølv om det har vore tilgjengeleg ei tid. Kinesiske myndigheiter forbyr ikkje bruken av stoffet, og det er lovleg i USA brukt på kiwi og druer.

Les også: Knusktørr kinesisk jord sender verdens hvetepriser i været

Feil bruk av stoffet

Wang Liangju, professor ved College of Horticulture på Nanjing Agricultural University, har vore i Danyang sidan melon-problemet begynte for ein månad sidan. Ifølgje professoren er stoffet trygt og effektivt når det blir brukt rett.

Wang fortel AP at stoffet blei brukt for seint i sesongen. I tillegg har mykje regn den siste tida bidrege til at melonane eksploderte.

– Dersom det hadde blitt brukt på ung frukt hadde det ikkje vore noko problem. Ein anna grunn er at melonen dei planta er ein type med tynt skal. Dei har faktisk kallenamnet «eksploderande melon» fordi dei lett sprekk opp, seier Wang til AP.

Gav opp å telja

Liu Mingsuo er ein av bøndene som vakna opp til øydelagde melonar. Å sjå at melonane var splitta opp var som å få ein kniv i hjarta, fortalte han CCTV. Fyrste morgonen talte han 80 eksploderte melonar, då kvelden kom var han oppe i 100. Etter kvart gav han opp å telja dei øydelagde fruktene. Men til slutt skal Liu ha fått øydelagd rundt tretti mål med melonar.

Kinesisk stats-TV meir aggressiv

Sjølv om kinesisk fjernsyn er under streng kontroll av myndigheitene har dekninga av skandalar i det kinesiske landbruket blitt meir aggressiv i det siste. Dette kan forståast som at kinesiske myndigheiter har forstått at dei trenger hjelp med å halda matindustrien med oppsyn.

Feng Shuangqing, professor ved China Agricultural University, sa til CCTV at problemet med melonane viser at Kina må klargjera sine standardar for bruk av kjemikaliar og tilsyn av landbruket for å sikra forbrukarane si helse.

I reportasjen om vassmelon-skandalen som blei sendt måndag understrekte CCTV at kinesiske bønder misbruker både lovlege og ulovlege kjemikaliar, ifølgje AP.

Les også: Økologiske grønnsaker en trend i Kina