Viking redning fekk hjelp av dykker Thomas Myre og er i ferd med å dra bilen på land. Toppen er nett blitt synleg i vasskorpa (Foto: Olav Hatlemark, firdaposten.no/ANB)
Viking redning fekk hjelp av dykker Thomas Myre og er i ferd med å dra bilen på land. Toppen er nett blitt synleg i vasskorpa (Foto: Olav Hatlemark, firdaposten.no/ANB)

Her er det slutt på bilferien

Skulle bare trekke båten på land da dette skjedde.

Familien Kruger frå ein by ved Berlin hadde nok tenkt seg ein annan utgang på den årlege ferien ved Krokane Camping i Florø. Det skriv firdaposten.no.

I attentida laurdag skulle Mannfred Kruger, saman med kona trekkje båten på land ved båthamna i Furuholmen. Han sette bilen i bakken ved sjøkanten med hengaren bakpå. Det enda rett så gale då han festa ein wirekrok i den vesle båten for å dra han opp i hengaren.

VW transportaren kom i sig. Det var lite hjelp i at Kruger greidde å komme seg i bilen og fekk drege handbrekken hardare til. Han måtte berre gje seg over for større krefter, komme seg ut og sjå på at både bil og hengar vart dregne i sjøen, vippa over ein kant og hamna eit par meter under vatn.

Dramatisk

- Det heile såg rimeleg dramatisk ut, seier eit augevitne som såg det heile frå rorbua på andre sida av den vesle vika. Kona til Mannfred stod mellom bil og hengar og greidde så vidt å komme seg unna like før bilen hadde drege ho med.

- Eg hadde sett bilen i gir. Det er eg heilt sikker på. Han må ha gleppe ut, og då heldt ikkje handbrekken godt nok att, trur bileigaren. Froskemann Thomas Myhre og Viking redningsteneste frå Eikefjord, måtte kontaktast. Sjølve redningsoperasjonen gjekk greitt.

- Vi kjem borti litt av kvart. Men dette var Ikkje nett noko vanleg oppdrag for oss heller. Men det gjekk då greitt, med god hjelp frå froskemannen, seier Øyvind Lunden i Viking Redning.

13. feriedagen

- Vi har hatt bilen i elleve år og knapt hatt så mykje som ein reparasjon på han. Så skjer dette på den trettande dagen under opphaldet vårt her i Norge, sa ei fortvila fru Kruger før hjelpa kom.

Familien var i Florø på ferie for sekstande året, for å fiske og slappe av. Enkelte år har dei besøkt kystbyen to gonger.

Våte handjern

- Bilen er nok kaputt. Heldigvis har eg kasko, sa bileigar Mannfred som er politimann av yrke. Han såg litt komikk i det heile der han plukka fram den eine våte tingen etter den andre frå hanskerommet etter at Transporteren var komen på land. Han drog mellom anna fram eit par handjern.

- Sjå her! Dei er av rustfritt stål av god kvalitet, sa han og gliste til dei som hadde samla seg rundt.

Du kan lese mer om bil og trafikk på firdaposten.no - her:

SE OGSÅ: Han skremmer vannet av bestemor