Florence Hooper Brighton Hetebølge (Foto: LUKE MACGREGOR/Reuters)
Florence Hooper Brighton Hetebølge (Foto: LUKE MACGREGOR/Reuters)

Hetebølge over Storbritannia – advarer mot ekstremforurensing

Fleire millionar britar på reisefot til stranda skapar ekstremforureining.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er sydenvarme over dei sørlege delane av England, med temperaturar opp mot 27 grader i dag laurdag.

Varmare enn i Barcelona

– Det er nesten for varmt, seier Kjetil Iden, TV 2 Nyhetene sin reporter i England. Han er der borte for å dekka bryllaupet mellom prins William og Kate Middleton.

LES OGSÅ: Hetebølge i New York

Temperaturane er så høge at dei utkonkurrerar feriedestinasjonar som Barcelona og Korfu, som berre kan skilta med høvesvis 17 og 16 grader i dag, laurdag.

Brighton Hetebølge (Foto: LUKE MACGREGOR/Reuters)
Brighton Hetebølge (Foto: LUKE MACGREGOR/Reuters)
Kanskje nokon av dei to millionane britar som reiser utanlands angrar no?

Og britane nyt sommaren i fulle drag. I følgje The Guardian har det vore ein 20 prosent auke i salet av grillar i påsken i år samanlikna med påsken i fjor.

Det skal og vera selt nok gass til 300.000 grillar og nok hagestolar til å fylla opp Westminster Abbey 30 gonger.

LES OGSÅ:– Vi har 50 dager på å redde verden

Medan nordmenn valfartar til fjells, reiser britane i motsatt retning. Der borte skal folk på stranda. Det britiske svaret på NAF, The AA, reknar med at så mange som ti millionar bilar, skal ut og køyra i løpet av påskehelga.

250.000 menneske skal til London

Det tilsvarar 1/3 av alle bilar i landet.

Og reisinga roar seg ikkje med det fyrste. Alt til neste helg er det som kjent tidenes bryllaup i England, mellom prins William og Kate Middleton.

Brighton Hetebølge (Foto: LUKE MACGREGOR/Reuters)
Brighton Hetebølge (Foto: LUKE MACGREGOR/Reuters)
I følgje The Sun har Visa Europa merka ein auke på 104 prosent på flyreiser ut av England i dei to dagane før bryllaupet. Berre via det selskapet er det booka og betalt 26.000 turar ut av England den 27 og 28 april. Hovudreisemåla er Amsterdam, Malaga og Dublin.

Samstundes har selskapet ein auke på 244 prosent i turar til England. British Airways aleine reknar med å sende 250.000 menneskjer til London den neste veka. Det er særleg amerikanarar som tek turen. Dei seks travlaste rutene er frå USA, med mellom anna New York og Boston på topp.

Men all denne reisinga er ikkje berre positiv.

Eit av problema britane slit med er smogen. Dei siste dagane har mengda vore over EU sine grenseverdiar.

Fare for tørke

Forureininga er blitt eit problem for britane og folk med pustevanskar, foreldre til born med astma er særskilt råda til å ta sine førehandsreglar.

Eit høgtrykk kombinert med mykje sol er venta å føre til kraftig forureining. Sollys som reagerer med utslepp frå bilar kan skapa forureiningsproblem.

Hetebølge Smog London (Foto: LEON NEAL/Afp)
Hetebølge Smog London (Foto: LEON NEAL/Afp)

Skal ein trena i England, er ein oppmoda om å ikkje gjera det på ettermiddagen, då forureininga er på sitt verste.

Myndigheitene har og fått inn uvanleg mange saker med folk som er solbrent, dehydrering og utmatting.

Som om ikkje det er nok, har mangelen på nedbør ført til at det er fare for tørke enkelte stader. Mars var den turraste månaden på 60 år i Storbritannia.

Men for dei som skal over til England for å få med seg bryllaupet kan slappa litt av. Før bryllaupet reknar ein nemlig med at det skal koma litt regn og vaska vekk det verste av smogen.