HERJER MED USA: Tre hundre tornadoar er venta inn over deler av USA dei neste to vekene. Desse spektakulere bileta er frå onsdag i påskeveka. (Foto: CBS)
HERJER MED USA: Tre hundre tornadoar er venta inn over deler av USA dei neste to vekene. Desse spektakulere bileta er frå onsdag i påskeveka. (Foto: CBS)

300 tornadoer vil treffe USA de neste to ukene

Sjå dei spektakulære bileta som tornadojegarane fanga på film onsdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei austlege delane av Oklahoma, dei nordlege delane av Mississippi, Tennessee, Ohio, Indiana og Illinois kan få besøk av så mykje som 300 tornadoar dei neste to vekene.

Måtte evakuera baseballstadion

Enkelte områder av USA vert råka av tornadoar kvart år, men kombinert med ein kraftig tørke i Texas, har skapt perfekte forhold for brannar i tillegg.

På onsdag fanga tornadojegrar nokre spektakulære bilete på film.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Tornado St. Louis Busch stadium (Foto: Dilip Vishwanat/Afp)
Tornado St. Louis Busch stadium (Foto: Dilip Vishwanat/Afp)
Tordenstormane kom inn ekstremt varm og fuktig luft. Stormen byrja raskt å rotera og laga fleire tornadoar i Pike County, Missouri.

Samstundes vart det produsert meir uvêr på baksida av denne vêrfronten, noko av dette vêret trefte St. Louis, noko som førte til at publikum på basballkampen mellom Washington Nationals og St. Louis Cardinals Busch Stadium måtte søka tilflukt i eigne tornadosikre områder, melder CBS.

LES OGSÅ: Steven kjørte rett inn i en tornado

Frå tysdag kveld til onsdag morgon herja heile 33 tornadoar gjennom Oklahoma og Ohio.

Folk er heimlause etter herjingane

Det var ingen meldingar om dødsfall etter det forferdelige uvêret som førte til at det vart sendt ut tornadovarsel frå Texas til Indiana og over dei sørlege statane i USA.

Dei same områda vart hardt råka av uvêr veka før påske, då heile 47 menneske døde. 24 i Nord-Karolina åleine.

Tornadoar som ramma Arkansas reiv ned tre og straumledningar. I Tennessee vart 19 heimar øydelagde etter at elleve tornadoar herja med staten.

LES OGSÅ: Minst 39 omkom i uvær i USA

Sterke vindar tok og med seg taket på rådhuset i Milan, Tennessee. Fleire tre og straumledningar vart og tatt.

Fekk 25 centimeter snø

– Samanlikna med mange andre var me ganske heldige, seier Julienne Hart til Reuters.

Fleire tusen menneske har vore utan straum i Tennessee.

I dei nordlege delane av Midtvesten var det snø som var den store utfordringa. Dei sørlege delane av Minnesota fekk 18 centimeter med snø. Michigan og Wisconsin fekk så mykje som 25 centimeter med snø.

Tordenstorm USA (Foto: James Gibbard/Ap)
Tordenstorm USA (Foto: James Gibbard/Ap)