Kathy Michelle Coy (Foto: Miranda Pederson/Ap)
Kathy Michelle Coy (Foto: Miranda Pederson/Ap)

Skar opp magen på gravid kvinne og stjal babyen – barnet overlevde

Grotesk drapssak rystar USA.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

33 år gamle Kathy Michelle Coy innrømmer å ha brukt eit elektrosjokkvåpen for å pasifisera gravide 21 år gamle Jamie Stice, før ho tok livet av kvinna og kutta open magen hennar for å ta ut det ufødde barnet.

Dukka opp på sjukehus med ungen

Coy hadde lokka med seg Stice under påskot at dei skulle ut for å handla babyutstyr, men i staden tok ho Stice med ut i skogen for å drepa henne.

Det groteske drapet fann stad onsdag 13. april.

LES OGSÅ: Tilstår drap på åtte spedbarn

Liket etter Stice vart funnen ved sidan av ein grusveg i dei sørlege delane av Oakland i staten Kentucky, torsdag 14 april. Mindre enn eit døgn sidan sist ho var sett.

Kathy Michelle Coy vart arrestert då ho dukka opp på Bowling Green sjukehus med ein nyfødd unge, utan at legane fann nokre teikn til at ho hadde vore igjennom ein fødsel nyleg.

På sjukehuset hadde ho med seg ei livmor og morkaka med navlestrengen framleis på plass.

Etter å ha sett desse organa mistenkte dei tilsette på sjukehuset at nokon truleg hadde vorte drepen.

Hadde kontakt med gravide via Facebook

– Det kan ha vore ein liten sjanse for at nokon framleis var i live, men det er lite truleg, seier kriminalbetjent Chad Winn som var dei einaste som stilte som vitne i ei høyring på tysdag.

Coy endra etterkvart forklaring, og sa at ho hadde kjøpt babyen av ei dame som gjekk under namnet Ashley for 550 dollar (3000 norske kroner). Men ho kunne ikkje koma med meir detaljar.

LES OGSÅ: Drept mann partert og solgt som kebabkjøtt

Politiet undersøkte så heimen hennar, og fann spor som leda dei til to gravide kvinner via Facebook-kontoen hennar.

Etterforskarane fann den eine kvinna i god behald, men dei klarte ikkje å finna Jamie Stice.

Litt seinare fann dei eit elektrosjokkvåpen og to knivar som dei sette i samanheng med forsvinninga.

Til slutt viste Coy politiet kvar dei kunne finna liket av Stice.

Bornet har det bra

Dommaren i Warren county har sendt saka til ein storjury som skal vurdera om det er grunnlag for å ta ut tiltale i saka, til store protestar frå Coys advokat.

– Forsvaret er uroa for at her er det snakk om store mentale problem, seier forsvarar Jim Gibson.

LES OGSÅ: Drepte stedatter fordi hun forstyrret Xbox-moro

Aktor Chris Cohron seier at dei vurderer om dei skal be om dødsstraff, men at det er avhengig av resultatet av mentale testar.

James Reynolds er far til barnet, og seier at barnet er friskt.

Meir ville han ikkje seia til pressa.