Norsk gutt (4) kvestet av biltyver i Danmark

Biltjuv mista kontrollen over bilen og traff den fire år gamle guten.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var i den danske byen Trelde Sande den alvorlege episoden skjedde.

Fleire ungdommar køyrde rundt i ein stolen bil, då føraren plutseleg mista kontrollen over bilen. Bilen trefte etterkvart den vesle guten, det skriv Vejle Amts Folkeblad.

Guten skal vera utanfor livsfare, men har blant anna fått eit ope brot i foten.

Etter ulykka stakk ungdommane i bilen av, men politi med hundepatruljar fekk etterkvart fatt i fleire av ungdommane.

Det er ifølgje avisa førebels uvisst kva siktingar som vert oppretta mot ungdommane.

Guten skal ha vore på besøk til far sin i Danmark.