Irak Bagdad Selvmordsbomber (Foto: REUTERS/Haider Kadhim/Reuters)
Irak Bagdad Selvmordsbomber (Foto: REUTERS/Haider Kadhim/Reuters)

Ni drept av selvmordsbomber i Irak

Venta på å sleppa inn i den trygge sona i Bagdad.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

To bilar fylt med sprengstoff gjekk i lufta utanfor den grøne sona i Irak, måndag morgon.

Ni menneske mista livet og 23 personar er skadd, melder nyhendebyrået AP. Blant dei som mista livet var fem irakiske soldatar

Irakisk politi seier at sjølvmordsbombarane truleg var ute etter ein høgareståande general og ein statsråd.

Bombene gjekk av medan ei rekke bilar stod i kø for å komma seg inn i den tryggare, grøne sona av den irakiske hovudstaden.

Samstundes gjekk det av to bomber andre stader i Bagdad. Ni personar vart skadd, i det som skal vera eit angrep utan samanheng med sjølvmordsbombene.