Denne veien har vært stengt i 871 timer i vinter

- Nå må det komme tunnel, sier brøytesjåfør.

Riksveg 13 over Vikafjellet har vore mykje stengd i vinter. (Foto: Helge Johnsen)
Riksveg 13 over Vikafjellet har vore mykje stengd i vinter. (Foto: Helge Johnsen)

Riksveg 13 over Vikafjellet har i vinter vore mellombels stengd i 871 timar, 527 timar på grunn av ras eller rasfare, skriver Firda.no.

I tillegg har det vore kolonnekøyring i 200 timar og 20 minutt.

Må komme tunnel

- No må det komme tunnel, seier brøytesjåfør Erling Stokkebø til Sogn Avis.

Det same meiner Statens vegvesen, som skubbar fram Vikafjellstunnelen i forkant av prosessen med Nasjonal transportplan (NTP).

I den nyleg framlagde riksvegutgreiinga peikar Vegvesenet på behovet for Vikafjellstunnelen, og fører opp 2,1 milliardar kroner til strekninga Vinje-Vik føre NTP-bolken 2014-2023.

Prioritering utan ramme

På ein pressekonferanse førre torsdag opplyste senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen at Vikafjellet er vinterstengd i dobbelt så stort omfang som Hardangervidda.

Riksvegutgreiinga er ei prioritering utan ramme, der Vegvesenet uttrykker kva som bør byggjast no og kva som kan vente.

Stortinget tek stilling til Nasjonal transportplan for 2014-2023 i 2013.

Les flere bil og motor-saker fra Firda.no her:

Les også: Skeptiske til undersjøiske tunneler