FORUREINA FÔR PÅ BEITE: Dersom sau og lam blir slakta rett etter at dei kjem frå fjellbeite om husten, kan de inneholde forhaldsvis mykje radioaktivt cesium, avhengig av kor forureinga beiteområdet er. (Foto: Lien, Kyrre/SCANPIX)
FORUREINA FÔR PÅ BEITE: Dersom sau og lam blir slakta rett etter at dei kjem frå fjellbeite om husten, kan de inneholde forhaldsvis mykje radioaktivt cesium, avhengig av kor forureinga beiteområdet er. (Foto: Lien, Kyrre/SCANPIX)

Tror det trengs mottiltak i 30-40 år til

Forureininga etter Tsjernobyl-ulukka er framleis noko mange bønder og reindriftseigarar i landet må forhalda seg til. – I 30-40 år til, seier forskar ved Statens strålevern, Lavrans Skuterud.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

UT PÅ BEITE: Fremdeles er radioaktivt nedafll eit problem i
  norsk saueproduksjon. (Foto: Vikene, Solveig/SCANPIX)
UT PÅ BEITE: Fremdeles er radioaktivt nedafll eit problem i norsk saueproduksjon. (Foto: Vikene, Solveig/SCANPIX)
Noreg var blant dei landa som blei mest forureina frå Tsjernobyl-nedfallet.

Gudbrandsdalen, Valdres, indre deler av Trøndelagsfylkene, pluss område sør i Nordland var dei områda som vart hardast ramma, ifølgje Statens strålevern.

Radioaktiv forureining er blitt eit langvarig problem, som enno ikkje er over.

– Framleis er det store område der det er behov for kontroll og tiltak av sau og tamrein, sier Lavrans Skuterud.

Skuterud trur det vil vera behov for kontroll og tiltak i 30-40 år til.

Ifølgje Statens landbruksforvaltning er det venta at radioaktivitet etter Tsjernobyl-ulukka vil finnast i Noreg i meir enn 100 år framover.

Gode sopp-år gir meir radioaktive dyr

Halveringstida for cesium er 30 år (sjå også faktaboks) og radioaktivitetsnivået går gradvis ned, men i enkelte år ser ein ei auking i målingane, som i hovudsak skuldast vêret, som kan gjera enkelte år til gode sopp-år. Soppen tar opp større mengder radioaktivt cesium enn grøne planter, og når dyra på beite et sopp får dei også eit høgare innhald av radioaktivitet.

18.000 dyr med for høgt radioaktivitetsnivå i 2009

Grunnen til at sau og rein framleis får i seg radioaktive stoff er at dei i stor grad er er utmarksdyr, fortel Skuterud.

Dyr på utmarksbeite har ofte høgare konsentrasjon av radioaktivt cesium enn innmarksbeitende dyr, og forurensninga er i tillegg meir langvarig.

Radioaktiviteten kan senkast ved å foring av anna type mat, til dømes kraftfôr. Ifølgje tal frå Statens landbruksforvaltning måtte kring 18.000 dyr til nedforing i 2009 for å senka radioaktivitetsnivået i kjøtet til trygge nivå før slakting. Dei fleste av dyra beita i Oppland.

Kvart år blir i gjennomsnitt 12-13.000 sauar og 7-8000 rein målt for radioaktivitet. Grenseverdien for radioaktivt cesium i sauekjøt er 600 becquerel/kg. Det høgaste innhaldet av cesium-137 som blei målt i ein sau i 2008 var 3150 Bq/kg, ifølgje Statens strålevern.

700 mill. kroner sidan 1986

– Kvart år blir det betalt tilbake mellom 1,5-2 millionar kroner til reindrift, seier Skuterud. Totalt sett er det brukt kring 150 mill. kroner på mottiltak i reindriftsnæringa, fortel Skuterud.

Dei direkte kostnadane ein har hatt i norsk landbruk og reindrift etter Tsjernobyl-ulukka i 1986 har i dag sprunge til 700 mill. kroner, opplyser seksjonssjef i Statens strålevern, Astrid Liland. I tillegg er mykje gjort på dugnad.

– Ja, bønder og reindriftseigarar har gjort ein heil haug med arbeid som dei aldri har fått kompensasjon for, seier Skuterud.

Les også: 24 år siden atomskyen fra Tsjernobyl truet verden