SLETTER INNHALD: Google sin e post tjeneste Gamil har hatt problem måndag. Fleire tusen brukarar har mista tidlegare e postar og andre personlege innstillinger. (Foto: Steve White/Pa Photos)
SLETTER INNHALD: Google sin e post tjeneste Gamil har hatt problem måndag. Fleire tusen brukarar har mista tidlegare e postar og andre personlege innstillinger. (Foto: Steve White/Pa Photos)

Google slettet innholdet til Gmail-brukere

Fleire tusen Gmail-brukarar fekk måndag gamle e-postar og anna personleg innhald på kontoen sin sletta.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Gmail-brukarar rapporterer om store problem med Google sin e-post teneste Gmail, skriv nettavisa til The Huffington Post
På uforklarleg vis slettar Gmail-kontoen personleg innhald, som gamle e-postar, merkelappar, postkassar og personlege innstillinger.

Fleire fortvilte brukarar skreiv til ulike forum om problema. Då dei opna e-posten sin var alt vekke.

Kan senda og motta

Ifølgje Huffingtonpost fortel brukarar at dei kan senda og motta post, men ikkje lagra mailen.

Google er klar over problemet og arbeidar med å retta opp feilen.

150.000 Gmail-brukarar ramma

Ifølgje Google er det ei svært lita gruppe som er utsatt for feilen.

– Feilen ramma under 0,08 prosent av 193 millionar Gmail-brukarar, har Google funne fram til, noko som varar til rundt 150.000 brukarar, skriv tv2.dk.

Har du hatt problem med din Gmail-konto?