Mot ny klima-fiasko

Det var svært lave forventningar til klimatoppmøtet i Mexico. No er forhandlingane halvvegs, og sjølv dei lave forventningane står i fare for å ikkje bli innfridde. Sjå denne vekas Korrespondenten.

Vattenfalls anlegg for CO2 fangst i Tyskland.
Vattenfalls anlegg for CO2 fangst i Tyskland.

- Det har ikkje vore betydelege framskritt. Det er ingen som trur på ein omfattande avtale når det gjeld utsleppskutt, mens det er eit visst håp om at ein kan komme i mål på område som redusert avskoging, klimatilpassing og teknologi-overføring. Slik oppsummerar Cicero-forskar Steffen Kallbekken forhandlingane så langt. Avtalen går ut i 2012 193 land deltar på møtet, som er den 16 ministerkonferansen i FNs klimakonvensjon. Håpet var at ein skulle oppnå framgang i arbeid