100 bilister har kjørt rett på denne
Men nå er bommen historie.
Fredag 26. november er Fjærlandsbommen historie. I tillegg til at passering har kosta bilistar dyrt, har også sjølve bommen fått merke alle som har passert den. Det skriv Firda.
Ifølgje bomvakt gjennom 16 år Rolv Bjelde, har sikkert så mange som 100 bilistar ikkje greidd å stoppe før bommen.
Treff bygget
Bommen er full av bulkar etter treff frå hastige bilistar. Men ikkje alle bilar kolliderer med bommen, nokre treff bygget som skil køyreretningane.
For Per Arne Strand har pendling frå Byrkjelo til Sogndal gjennom 14 år kosta han 350.000 kroner.
Ikkje mot bom
- Til saman har eg køyrt 470.000 km, og eg no på min fjerde bil, fortel Strand som er adm. leiar på Sogndal vgs.
Med eit forbruk på 0,8 liter i snitt, har han brukt 37.600 liter drivstoff på dei 14 åra.
Men trass i dei store utlegga, er ikkje Strand spesielt mot bom, men han synest det er lovleg dyrt med passering i Fjærland.