Mitsubishi_3000_GTO oppslag
Mitsubishi_3000_GTO oppslag

BILEN MIN: Steffens Mitsubishi 3000 GTO VR4

BILEN MIN: Norges eneste har stellebord på bakluka!

I spalten "Bilen min" har broom.no-leserne muligheten til å fortelle litt om sin, eller sine egne biler, og litt om bilinteressen.

Denne gangen får vi møte Steffen som har en rå japansk sporstbil!

Eier: Steffen Lorenzo Berstad

Alder: Tjue-eitelleranna. Ifølgje kompisar og veninner går eg gjennom midtlivskrisa temmeleg tidleg.

Bosted: I den vene og vakre staden Stryn kommune, Sogn og Fjordane.

Litt om meg selv: Har aldri vore noko særleg interessert i bilar. Fram til eg fylte atten, skulle eg berre ha ein bil som tok meg frå a til b. Sidan har interessa berre teke av. Er arbeidsnarkoman, og har arbeid i to kommunar, som inneber mykje køyring, akkurat slik eg likar det. Longt å køyre, og finfin musikk, det er gode greier, det.

Bileta er teke av: Jostein Bergset, som alltid stiller opp for biletetaking med godt humør. Forøvrig takk til alle dei fantastiske og herlige vennane mine som har stilt opp for meg i samband med bilen, de veit sjølve kven de er. Hadde ikkje klart noko utan dykkar hjelp!

Les mer om Mitsubishi i Brooms ny- og bruktbilguide her

Illsint

Mitsubishi_3000_GTO
Mitsubishi_3000_GTO

Steffen mener dette er den perfekte familiebilen!?!

Bilen: 1992-modell Mitsubishi 3000GTO VR-4

Hvor lenge har du eid bilen: Hatt den sidan februar 2010.

Hva har du gjort med bilen: Var i rimleg dårleg teknisk stand då eg kjøpte den, så har brukt eit par månadar på å fikse den opp, og gjere den til ein daily-driver.

Liker best med bilen: Åh, tek ingen ende. Kombinasjonen av ein 3-liters V6'ar med twinturbo og firhjulstrekk. Eit soltak som kan hivast i bagasjerommet på fine solveirsdagar. Det faktum at sjølv sikringsboksane er påskrive på japansk. Og ikkje minst det faktum at det er Noregs einaste registrerte høgreratta 3000GTO.

Liker minst med bilen: At den er så tung. Effekten er i grunn passelig for ein så tung bil. Sitat av en kompis: "Er ikke hjelp i store pupper, når alt annet er stort også..".

Beste opplevelse med bilen: Det er mange. Å cruise nedover mot og i Sverige og Strømstad under Gatebilfestivalen på Rudskogen i midten av juli. Nesten skyfri himmel, varm sol, motorvegar, kompisar i turbobilar. Noko anna kjekt er når eg cruisar gjennom sentrum, og andre stadar, er reaksjonane på små born. "sååå mamma, sååå læsælbilææææn!"

Framtidsplaner med bilen: I hovudsak kun vedlikehaldsarbeid på bilen, ta småting etterkvart som dei kjem. Er veldig lysten på å oppgradere motor, utsjånad og lakk, men dette er ein dailydriver førebels, så blir nok ikkje nokon store ombyggingar før etter endt utdanning, og før eg har fått ein annan bruksbil.

Drømmebil: Har ein forkjærleik for japserakettar med AWD. Mitsubishi Lancer Evo stasjonsvogn, Nissan Stagea, Subaru Forester S-turbo, Impreza GT/WRX STi. Turbo og firhjulstrekk<3

Annet: Bilen er den perfekte familiebil. Plass til mor og far i framsetet, eit - merk - lite barn i baksetet, litt bagasje i det andre baksetet, akkurat plass til ein liten barnevogn i bagasjerommet, og så har den originalt eit stellebord bak på hekken. Og ikkje minst, 300ish små, illsinte japanske eslar under panseret.

Her ser du testen av en like rå bil - nemlig Ford Focus RS500

Har du en bil du vil dele med oss? Billig, dyr, stygg, pen, gammel, ny, liten og stor, se info her

Hva synes du om bilen? Noe du vil spørre Steffen om? Bruk kommentarfeltet under: