Illustrasjonsfoto: Scanpix
Illustrasjonsfoto: Scanpix

6000 i bot for å krasje og stikke av

...men det var ikke akkurat en annen bil han krasjet med.

Ein mann frå Nordfjord var natt til 20. mars 2009 på fest, der han sovna. Han blei vekt seinare på natta og vart sint og irritert, og ville fort heim att og legge seg. Det skriver firda.no

Han forklarte i retten at han for å kome seg fort heim gav "flat pedal". Men då han sleppte opp att gasspedalen hadde den hengd seg opp, og bilen fortsatte med full fart.

Bilen skrensa, og 32-åringen klarte å rette den opp at eit par gonger før han krasja i ein bygning i Sandane sentrum etter om lag 250 meter på vegen.

Stakk av

Etter kollisjonen gjekk mannen ut av bilen, og stakk av då han såg andre personar kome til staden. Han tok kontakt med ein kamerat som køyrde han til Stryn, der nordfjordingen oppsøkte ei venninne.

Deretter venta han i eit skogholt i nærleiken av venninna sin bustad, før han seinare på dagen gjekk ned mot Stryn sentrum og fekk haik heim. Det var ikkje før han kom heim att at 32-åringen tilkalte politiet.

Ikkje forsvarleg

I retten forklarte nordfjordingen at han rømde frå åstaden fordi han fekk sjokk og ville vere i fred. I retten kom det fram at køyringa ikkje var forsvarleg, at nordfjordingen ikkje brukte bilbelte, og at han burde varsla om ulukka med éin gong.

Men det vart påpeika at 32-åringen ikkje kunne lastast for at gasspedalen hengde seg opp.

Han vart dømd til å betale 6.000 kroner i bot.

Du kan lese mer om bil og trafikk hos firda.no - klikk her