SATSET: 40 år gamle Bengt Dahlberg satsa på kjærleiken og starta sjokoladefabrikk i Geiranger.  (Foto: TV 2)
SATSET: 40 år gamle Bengt Dahlberg satsa på kjærleiken og starta sjokoladefabrikk i Geiranger. (Foto: TV 2)

Lagar sjokolade med brunost

40 år gamle Bengt Dahlberg satsa på kjærleiken og starta sjokoladefabrikk i Geiranger.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Han lagar sjokolade med brunost, blåbær, akevitt og bringebær. Bengt Dahlberg har starta sin eigen sjokoladefabrikk i Geiranger og satsar på  lokale råvarer.

– No bur eg midt i Norges beste bærdistrikt. Derfor var det naturleg å satse på lokale råvarer i sjokoladeproduksjonen, seier Dahlberg til TV 2 Nyhetene.

Var fysioterapeut

– Eg er utdanna fysioterapeut, men arbeidde som seljar i legemiddelfirmaet Astra Zeneca då eg traff ei kvinne frå Geiranger. Kvinna var Katrin Blomvik som er direktør i stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

– Vi ville begge bu her og då måtte eg finne på noko. Løysinga var å dyrke lidenskapen min for sjokolade, seier han.

Sjokolade med utsikt

No sel han sjokoladen under namnet Fjordnær. Han reklamerer for «Sjokolade med utsikt» og har gitt konfektbitane namn etter lokale fjellgardar som Skageflå og Matvika.

– Håpet er at dette skal løne seg – at eg kan produsere i Geiranger og levere til kundar i større byar. Turistsesongen er kort så eg må finne kundar også andre tider på året, seier Dahlberg som har starta produksjonen med støtte frå Innovasjon Norge.