Cruiseskipet «Spirit of Adventure» slapp ut olje i Geirangerfjorden i juli 2009. Skipet ble liggende til anker øst for Homlong med lenser rundt deler av skipet. (Foto: Staale Wattø/SCANPIX)
Cruiseskipet «Spirit of Adventure» slapp ut olje i Geirangerfjorden i juli 2009. Skipet ble liggende til anker øst for Homlong med lenser rundt deler av skipet. (Foto: Staale Wattø/SCANPIX)

Geiranger druknar i turistar

Turiststraumen til Geiranger er så stor at det kan true verdsarvstatusen. Bygda set i verk tiltak for å kartlegge forureininga av den umåteleg vakre turistmagneten.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Utsynet frå Ørnesvingane i Geiranger kan ta pusten frå deg. TV 2 Nyhetene vitjar turistbygda på ein dag sola står høgt på himmelen og turistane svermar i land frå cruiseskipa MSC Poesia og Bremen. I løpet av ein sommar kjem om lag 700.000 turistar til verdsarvbygda som har 210 fastbuande.

Tilstandsrapport

Men det er ikkje berre den vakre naturen som kan ta pusten frå turistane. Eksos frå cruiseskip, gamle bussar, bilar og fenderbåtar er blitt eit problem. Katrin Blomvik i stiftinga Verdsarv Geirangerfjorden er uroleg for at forureininga kan gå utover opplevinga turistane har av bygda.

– No set vi i gang arbeidet med ein tilstandsrapport. Norsk Institutt for luftforsking set ut instrument som skal måle luftkvaliteten. Norsk Institutt for Vannforsking skal måle vasskvaliteten og Runde Miljøsenter skal ta prøver av fjordbotn med miniubåt. Vi håper Miljøverndepartementet blir med på dette for ei bygd med 210 fastbuande klarer ikkje dette aleine. Vi treng hjelp, seier Katrin Blomvik til TV 2 Nyhetene.

Verdsarv i fare

– Kan det bli aktuelt å nekte forureinande cruiseskip å kome inn fjorden?

– Eg ser ikkje for meg det, men vi skal ha dei mest miljøvenlege. Vi er opptekne av ny teknologi og sjå på kva tiltak som kan setjast i verk for å dempe forureininga. Noko må gjerast for held vi fram som i dag kan verdsarvstatusen til Geiranger og fjorden kome i fare, seier Katrin Blomvik.

Wonderful

Turistane vi snakka med var stort sett fulle av beundring for den flotte naturen. I trengselen på kaia snakka vi med folk frå eit titals nasjonar og tyskaren Jürgen Trautmann var den einaste som reagerte negativt:

– Det er for mykje folk og for mykje forureining, men det er ein svært vakker stad så det er vel normalt, seier han til TV 2 Nyhetene.