Høyhastighetstog (Foto: NorskBane)
Høyhastighetstog (Foto: NorskBane)
snøggtog
snøggtog

– Jernbaneverket motarbeider høgfartsbane

Leiaren for Norsk Bane meiner Jernbaneverket feilinformerer Stortinget om høgfartsbane.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tenk deg ein togtur mellom Bergen og Oslo på 2 timar og 25 minutt og ein togtur mellom Trondheim og Oslo som tek to og ein halv time. Det er fullt mogeleg i følgje utgreiingar som Deutsche Bahn og svenske Banverket har gjort for høgfartsselskapet Norsk Bane.

Motarbeides

Eit hurtigtognett i Sør- Norge vil i følgje utgreiinga koste 400 milliardar kroner, men vere så lønsamt at investeringane kan betalast tilbake med renter i løpet av 30 år.

Utgreiinga har vore kjend, men blir motarbeidd av det norske Jernbaneverket, i følgje dagleg leiar Jørg Westermann i selskapet Norsk Bane.

– Jernbaneverket motarbeider høgfartsbane i Norge både praktisk og verbalt. Praktisk ved å byggje ut eksisterande nett som ikkje er tilpassa krava til ei høgfartsbane, og verbalt ved å feilinformere Stortinget om at dei byggjer for høgfartsbane, seier dagleg leiar Jørg Westermann til TV 2 Nyhetene.

Artikkelen fortsetter under bildet

Oversikt over reisetid mellom Oslo og diverse destinasjoner. (Foto: Norsk Bane AS)
Oversikt over reisetid mellom Oslo og diverse destinasjoner. (Foto: Norsk Bane AS)

Feilinformerer Stortinget

Som døme på at Stortinget er feilinformert nemner han tre togstrekningar som stortingspolitikarane trur blir tilpassa høgfartstog.

– På  den planlagde strekninga Oslo – Ski har Jernbaneverket sagt det kan køyrast i 250 kilometer i timen. Det er ikkje mogeleg på grunn av flaskehalsar. Det same gjeld mellom Stjørdal og Trondheim og  på strekninga frå Oslo mot Drammen, seier Westermann. 

Ukultur i Jernbaneverket

– Jernbaneverket har fått for låge løyvingar  og lappar på eksisterande strekningar i staden for å  gå for ny høgfartsbane. Då kan det bli for stort for dei at vi kjem med visjonar og utrekningar som viser at det er mogeleg å gjere dette, seier dagleg leiar i Norsk Bane Jørg Westermann til TV 2 Nyhetene.

– Vi blir lett oppfatta som ein trussel og offer for ein ukultur i Jernbaneverket.  Vårt inntrykk er at dei ikkje vil samarbeide, men ha kontroll på alle utgreiingar, seier han.

 TV 2 Nyhetene har i dag vore i kontakt med leiinga i Jernbaneverket som ikkje vil kommentere kritikken.

 

I Frankrike ble det første TGV-lyntoget satt i trafikk i 1981.
I Frankrike ble det første TGV-lyntoget satt i trafikk i 1981.