monsiaden (Foto: :Per Christian Dyrø&TV 2)
monsiaden (Foto: :Per Christian Dyrø&TV 2)

Monsiaden er idrettsglede på høgt nivå

Friidrettsleikane for funksjonshemma på Sunnmøre, Monsiaden, blei i år arrangert for 15. gong. Innsatsen var knallsterk.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Idrettsleikane har namn etter gamlelensmannen i Vanylven, Mons Sandnes, og blei i år opna av stortingsrepresentant Svein Gjelseth frå Arbeidarpartiet. Han fekk køyrt seg.

Satsar på OL 

43 år gamle Lars Drage utfordra nemleg Gjelseth til duell på 60 meteren, og det blei rått parti. Drage knuste Gjelseth med tida 8,99 og satsar no like godt på OL.

– Dersom eg får vere med altså, seier han til TV 2 Nyhetene. Eg må nok trene meir, men det skal gå greitt. Eg trenar kvar dag eg, både på sykkel og i piggsko.

Han imponerte med å vinne både 60-meteren, 400-meteren og strekte seg til 3,50 m i lengde.

Vi er alle A menneske

– Det finns ikkje A- og B-menneske. Vi er alle A-menneske skapte i same bilete, seier intiativtakar og primus motor for Monsiaden, Mons Sandnes, til TV 2 Nyhetene. I 15 år har han arrangert idrettsleikar for funksjonshemma.

– Her er så mykje kjærleik, så mykje glede. Det er ei ære å få jobbe med dette, seier han.

Ballong og boccia

Utøvarane konkurrerte i løp, pilkast på ballong, kast og boccia. Konsentrasjonen var på høgste nivå og stemninga upåklageleg. Etterpå samlast alle i idrettshuset til mat og rørsle til musikk frå bandet Merkesteinane. Dei er kjende frå filmen med same namn og skapte kjempestemning.