VETERAN MELDER SEG UT: Marie Lovise Vidnes har vært SV medlem siden starten i 1975. (Foto: Sven Skarsbø)
VETERAN MELDER SEG UT: Marie Lovise Vidnes har vært SV medlem siden starten i 1975. (Foto: Sven Skarsbø)

Melder seg ut av SV i protest

Visesongaren og politikaren Marie Lovise Widnes (79) har vore SV-medlem sidan starten i 1975. No har ho fått nok.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Widnes melder seg ut av SV i protest mot krigføringa i Afghanistan og at SV er blitt det ho kallar eit «Oslo-parti». Widnes har vore medlem av SV sidan starten i 1975 og sat på Stortinget som representant frå Møre og Romsdal frå 1989 til 1993.

Kjenner seg ikkje igjen

Marie Lovise Widnes er kanskje mest kjend som visesongar og diktar.  Songen” Gangdøra heime” blei ofte spelt  i  radioen på 1960 og 70 talet. Ho har vore ein aktiv politikar for partiet både på riks, fylkes og kommuneplan, men no  melder ho seg ut i protest.Nei til krigføringa i Afghanistan

– Som pasifist har eg kjent vonbrota over krigsdeltakinga i Afghanistan, seier Marie Lovise Widnes til lokalavisa Vikebladet/Vestposten. Eg kjenner meg ikkje lenger heime i  den kulturen som har vakse fram i partiet.

Meiner SV er blitt eit  Oslo-parti

– Etter det siste valet har partiet fått endå mindre å seie. Eg meiner SV burde ha gått ut av regjeringa og heller bygt opp partiet. I staden for å bruke krefter og pengar på å skolere partimedlemmene, har ein sentralisert partiet til å bli eit Oslo-parti.

– Det er  ikkje  glød  i partiet lenger, og mange av dei som i dag soknar til SV er så uskolerte at dei knapt veit kva partiet står for, hevdar Widnes til Vikebladet/Vestposten.

Var med frå starten

Marie Lovise Widnes var med i prosessen som gjorde Sosialistisk Valforbund til Sosialistisk Venstreparti i 1975. Ho har vore ei sterk stemme for SV i Møre og Romsdal og har delteke aktivt i det offentlege ordskifte. No takkar ho for seg fordi ho ikkje kjenner igjen partiet ho var med på å starte.

– Eg er ikkje lenger så viktig for partiet, men eg vil ha sjølvrespekta mi upletta, seier ho.