PÅ VEI OPP:   Eg gler meg som ein unge, seier Anette Bøe til TV2 Nyhetene før turen til 1542 meter høge Skårasalen i Hjørundfjorden.  (Foto: Anette Bøe / TV 2)
PÅ VEI OPP: Eg gler meg som ein unge, seier Anette Bøe til TV2 Nyhetene før turen til 1542 meter høge Skårasalen i Hjørundfjorden. (Foto: Anette Bøe / TV 2)

Anette Bøe til topps igjen

Anette Bøe nådde toppen i langrennsporet. No går ho opp stupbratte tindar i Sunnmørsalpane.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg har alltid drøymt om Sunnmørsalpane, og no har eg fått sjansen. Eg gler meg som ein unge, seier ho til TV2 Nyhetene før turen til 1542 meter høge Skårasalen i Hjørundfjorden.

Den gamle langrennsmeisteren melde seg på då ho såg ei annonse frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre som søkte etter skiglade folk som ville teste ut eit nytt turisttilbod.

– Eg kunne ikkje la dette gå frå meg. Eg elskar å slite meg oppover fjellsider og stå alpint ned igjen. Eg trur ikkje folk i Norge er klar over kva mulegheiter vi har til å gjere dette her i landet, seier ho til TV 2.

Ski and sailing

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre lanserer eit nytt tilbod til turistar som søkjer spesielle opplevingar. Dei brukar båt til å frakte folk på fjorden, serverer lokal mat og organiserar skiturar til toppen av tindane med lokale guidar. Dette tilbodet er ei ny trend i følgje Innovasjon Norge.

– Vi ser at stadig fleire turistar ikkje berre vil sjå på naturen vi har her i landet, men oppleve den. Dette er turistar som er villig til å betale godt for skreddarsydde opplegg, seier direktør for reiseliv i Innovasjon Norge Per-Arne Tuftin til TV 2.

Eit ekstra pluss i Norge er at det bur folk i område der slike tilbod kan utviklast. I utlandet møter ofte turistane natur utan lokal busetnad,seier han.

Rasfare

Då vi tek båten med følgjet til Anette Bøe på Hjørundfjorden ser vi snøskavlane henge oppe i fjellsidene. På denne tida av året har snørasa gått i dei fleste områda der det er aktuelt å gå, men arrangørane er svært opptekne av at det ikkje er trygt alle stader.

– Eg må stole på guidane. Eg følgjer dei, seier Anette Bøe medan ho litt usikker ser opp mot Skårasalen. Dalen dei skal stå på ski ned igjen ber spor av gamle snøras, men kjentmann Arne Fagerhaug forsikrar oss om at det er trygt.

– Hundre prosent sikre kan vi sjølvsagt aldri vere, men vi kjem ikkje til å ta nokon sjanser og vi kjenner området godt, seier han til TV 2.

Foto: Anette Bøe

TV 2 sender med Anette Bøe eit lite kamera på veg mot toppen, og i reportasjen kjem vi nært på den tidlegare langrennsstjerna idet ho slit seg mot toppen, og ikkje minst når ho står alpint ned stupbratte fjellsider.

Sjå dei fantastiske opptaka frå skituren mot fjellet Skårasalen (1542 moh) i Hjørundfjorden på Sunnmøre.