Bilen min finnes ikke

Raymond Jenssen kjøpte en bil som det er umulig å bli kvitt.

Framsida Motor 
  Eg vart fortvila og forbanna. Eg føler at eg indirekte er blitt dregen inn i ein svindel og kriminell aktivitet, seier Raymond Jenssen. Foto: Helge Johnsen, firda.no/ANB
Framsida Motor Eg vart fortvila og forbanna. Eg føler at eg indirekte er blitt dregen inn i ein svindel og kriminell aktivitet, seier Raymond Jenssen. Foto: Helge Johnsen, firda.no/ANB

Volvo-frelste Raymond Jenssen frå Naustdal trudde delebilkjøpet var ein god handel. I staden enda han opp med ein bil som det ikkje er mogleg å selje eller få vrakpant for. Det skriver firda.no.

- Det kjennest nokså fortvilande. Ikkje har eg plass til bilen, ikkje kan eg levere bilen, ikkje kan eg selje han, ikkje dumpe han og ikkje grave han ned, seier Jenssen.

Ulike chassisnummer

Han kjøpte ein raud Volvo 240 GL 1987-modell for fem månader sidan som delebil til ein Volvo han er i ferd med å byggje opp. Jenssen fortel at han kjøpte bilen av ein mann på Austlandet av utanlandsk opphav.

Då naustdalsmannen før helga kom til bilopphøggeriet Sunnfjord Bil for å levere delebilen og heve vrakpant, viste det seg at chassisnummeret i motorrommet ikkje samsvarte med originalnummeret som var stansa inn i dørstolpen på høgre side.

Trur bilen er ein del av ein svindel

Sunnfjord Bil fann heller ikkje bilen i registera, og når bilen har vore vegregistrert på eit chassisnummer som ikkje stemmer overeins med det originale, får Jenssen ikkje ut ei krone i vrakpant.

- I praksis har eg ein bil som eigentleg ikkje eksisterer, seier Jenssen.

Han er nokså sikker at bilen han kjøpte har vore ein del av ein svindel, og vurdere å melde saka til politiet.

Du kan lese mer om bil og trafikk hos firda.no - klikk her