JOBBEN TILBAKE: Dagfinn Johansen er tilbake på jobb etter at han mista jobben i fjor.  (Foto: Sigurd Knudsen/ Tv 2)
JOBBEN TILBAKE: Dagfinn Johansen er tilbake på jobb etter at han mista jobben i fjor. (Foto: Sigurd Knudsen/ Tv 2)

Mista jobben i fjor - no vil møbelfabrikken ha dei tilbake

Fjoråret blei så bra for møbelgiganten Ekornes at 74 tilsette som mista jobben i fjor får tilbake arbeidet.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Alle dei 1500 tilsette får ein bonus på 75 prosent av månadsløna.

Ekorneskonsernet fekk eit resultat på 462 millionar kroner før skatt i fjor og tente 17,8 kroner for kvar hundrelapp dei omsette. Det som leiinga frykta skulle bli eit kriseår blei eit gullår for Nordens største møbelkonsern.

Tok sommarjobb på pizzafabrikk

IKKJE OVERRASKA: ¿ Eg hadde ikkje venta noko anna, seier Dagfinn Johansen om suksessen til Ekornes. (Foto: Sigurd Knudsen/ Tv 2)
IKKJE OVERRASKA: ¿ Eg hadde ikkje venta noko anna, seier Dagfinn Johansen om suksessen til Ekornes. (Foto: Sigurd Knudsen/ Tv 2)
For 53 år gamle Dagfinn Johansen er fortviling snudd til glede i løpet av eit år.

Han og kona mista jobben då fabrikken på Stranda blei lagt ned og han tok seg sommarjobb på Stabburet sin pizzafabrikk for å få noko å gjere.

LES OGSÅ: Fire ektepar mista jobben

– Det er sjølvsagt svært gledeleg at det no går bra for Ekornes, men eg hadde ikkje venta noko anna. Eg har alltid hatt trua og meiner resultatet viser at det kanskje var feil å legge ned fabrikken her på Stranda, seier Johansen til Tv 2.

Dagfinn Johansen pendlar til arbeid i Sykkylven og gjer seg klar til ettermiddagsskiftet når Tv 2 er på besøk.

LES OGSÅ: Finansministeren gleder seg over at pilene peker oppover for møbelprodusenten, men er bekymret for annen konkurranseutsatt industri.

Bonusglede

Årsaka til det gode resultatet i fjor er auka ordreinngang og lågare råvareprisar. Resultatet fører til at alle tilsette får ein bonus på 75 prosent av månadsløna.

GLADE TILSETTE: Bonus inspirerer, seier hovudtillitsvald Asbjørn Sjåstad hos Ekornes. (Foto: Sigurd Knudsen)
GLADE TILSETTE: Bonus inspirerer, seier hovudtillitsvald Asbjørn Sjåstad hos Ekornes. (Foto: Sigurd Knudsen)

– Då meldinga kom i går var det glede hos alle. Vi hadde ikkje venta at bonusen skulle bli så høg. Det inspirerer, men problemet no kan vere å få tak i nok folk til å få unna alle ordrane, seier hovudtillitsvald, Asbjørn Sjåstad til Tv 2.

Sterk vekst

Ekornes hadde i fjor ein ordreinngang som var 10 prosent høgare enn året før på over 2,8 milliardar kroner.

I Noreg auka ordrane med 29 prosent og i Sverige med 18 prosent. Nedgangen kom i land som USA, Danmark og Finland.