Over hundre skular her i landet er trua av nedlegging.  (Foto: TV 2)
Over hundre skular her i landet er trua av nedlegging. (Foto: TV 2)

Nedlegging av skular kan være bra

– Nedlegging og samanslåing av skular kan vere bra for både elevar og lærarar, seier professor i pedagogikk, Peder Haug.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Over hundre skular her i landet er trua av nedlegging.

Fleire kameratar

– Større klasser gir elevane fleire kameratar og lærarane meir å spele på. Det faglege miljøet blir større og det tener både elevar og lærarar på. Det seier ein av Norges største ekspertar på læring, professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda.

Professor i pedagogikk, Peder Haug, mener nedlegging og samanslåing av skular kan vere bra for både elevar og lærarar.  (Foto: TV 2)
Professor i pedagogikk, Peder Haug, mener nedlegging og samanslåing av skular kan vere bra for både elevar og lærarar. (Foto: TV 2)

Haug er usamd med dei som meiner små skular tener elevane best .

– Her i Norge synes vi å tru at dess færre elevar i ei klasse dess betre er det for elevane. La oss sjå til Japan der blir store elevklasser sett på som ein rikdom. Det er ikkje lett å synge i eit kor med berre tre songarar. Slik er det også i ei klasse med berre tre elevar. Små klasser er sårbare og små skular er ikkje bra verken for elevar eller lærarar.

Foreldre protesterer

Haug er samd i at lange reiseavstandar kan vere eit argument for å oppretthalde små skular.

– Vi har forsking heilt frå 1970-talet som viser at lang reise til skulen kan vere utmattande for elevane. Kommunane bør også ta omsyn til farlege skulevegar, seier han.

Fleire stader har Haug opplevd at foreldre har protestert mot skulenedlegging i strid med det elevane vil. Han har også opplevd at mange foreldre ikkje vågar å vere for samanslåing av skular fordi motstanden er sterk.

Dårleg økonomi er, etter Haug si meining, sjeldne argument for å legge ned skular.

– Eg har oftare opplevd at dårleg kommuneøkonomi er blitt brukt som argument for å legge ned gode skular, avsluttar professoren i pedagogikk.

Får støtte av kunnskapsministeren

Kunnskapsministar Kristin Halvorsen (SV) er ikke ueinig med professoren.

IKKE UENIG: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) mener noen skoler kan bli for små og at dermed skolenedleggelser kan være hensiktsmessig. (Foto: TV 2)
IKKE UENIG: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) mener noen skoler kan bli for små og at dermed skolenedleggelser kan være hensiktsmessig. (Foto: TV 2)

Halvorsen trur at nokon skular kan bli for små.

– Miljøet blant lærarene kan bli lite. Det kan vere få kolleger dei kan be om hjelp eller tips til korleis ein skal støtte eit enkeltbarn som sliter med noko særskild. Og det kan vere klassar der ein er den einaste jenta på ti år på heile skulen eller gutten på tolv, då kan det vere vanskeleg å skaffe seg vener.