Stridens kjerne. Aksel Kåre Stennes forlenget moloen uten å søke om løyve. (Foto: TV 2)
Stridens kjerne. Aksel Kåre Stennes forlenget moloen uten å søke om løyve. (Foto: TV 2)

Bygdefolket bladde opp for «Molomannen»

Fekk 50.000 i bot for molobygging. No har bygdefolket samla inn pengar for å betale bota.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Folk i Ørsta og Hjørundfjord brukte kun fire dagar på å samle inn 50.000 kroner til å betale bota for Aksel Stennes. Bota fekk han etter å ha reparert og forlenga moloen på eigedomen sin med 20 meter etter ein orkan.

Innsamlingsaksjon

SV-politikaren Terje Kjøde og sambygdingar reagerte spontant og starta innsamlingsaksjonen fordi dei meinte domen i lagmannsretten var i strid med folks rettskjensle.

– Ei grense er nådd for svært mange. Responsen fortel at svært mange synest retten her har gått for langt, seier Kjøde til lokalavisa Møre-Nytt.

Takksam og glad

Stennes sjølv er svært takksam for støtta folk har vist.

– Eg har ikkje ord. Dette er utruleg og fantastisk, seier Stennes.

Innsamlingsaksjonen har fått inn mykje meir enn 50.000 kroner. Overskotet gir dei til ungdomshuset «Kaihuset» i Ørsta, som står i fare for å bli lagt ned.

– Det er framleis mogeleg å gi pengar til det, opplyser Terje Kjøde.

Les også:

Molobygger fikk 135.000 i strafferabatt
Nekter å godta strafferabatt på 135.000 kroner
Vant anken mot molomannen