Næringsminister Trond Giske. (Foto: TV 2)
Næringsminister Trond Giske. (Foto: TV 2)

Ber John Fredriksen kome heim

Nærings- og handelsminister Trond Giske ber John Fredriksen og andre utflagga reiarar om å kome heim.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Dei kan betyr mykje for å styrke den norske maritime klynga i krisetider, sa Giske på verftskonferansen i Ålesund tirsdag.

Den norske maritime næringa er på full fart inn i finanskrisa medan andre er på veg ut.

Dei to siste åra har vore gode for næringa, men no skal dei takle ein svikt i ordreinngangen på over 90%. Dette kan få dramatiske følgjer for dei ti tusen tilsette ved verfta og dei mange ti tusen som er avhengige av verftsnæringa.

Omstilling

Verfta må bu seg på store omstillingar og Giske varslar satsing på nyskaping og betre internasjonale avtalar.

– Vi må hindre at andre europeiske land subsidierar eigen verftsindustri slik at norske verft får konkurrere på like vilkår, sa Giske.

Han vil også intensivere arbeidet med å få til ein handelsavtale med Kina som vil bety mykje for skipsbyggingsindustrien.

– Kom heim

Han ber også norske reiarar om å flagge heim.

– Vi er konkurransedyktige, og det vil bety mykje for næringa dersom John Fredriksen, Royal Caribbean Cruiseline og andre igjen siglar under norsk flagg, sa Giske på verftskonkurransen i Ålesund.