kosmetikkpriser2
kosmetikkpriser2

Gjer eit sminkekupp

Vi veit kvar du får kjøpt den billigaste sminka!

Lurer du på kvar du får kjøpt den billigaste sminka? Vi har sjekka prisar på nett, i butikk og på taxfree, og funne ut at du kan spare mange hundrelappar.

Se også: Test av maskara

Se også: Hvilkem antirynkekrem er best i test? Se svaret her.

Alle våre tester finner du i Testbasen.

Det kan bli dyrt å fylle opp badehylla. Shampoo, balsam, styling. Ansiktsvask, rens og fuktigheitskrem. Mascara, pudder og lipgloss.

Det er nokre produkt alle jenter berre må ha. Vi har valt ut ei samling produkt som sel svært godt på den norske marknaden, og funne produktprisar i frå både butikk, nett og taxfree.

Vi fann ut at du kan spare mange hundrelappar på å handle på nett – eller på taxfree.

Rimelege nettkjøp

Det er ein jungel av nettstadar som sel skjønnheitsprodukt. Vi har teke utgangspunkt i dei største når vi har funne prisar:

strawberrynet.com, lookfantastic.com og hqhair.com. Nokre nettstadar tek betalt for frakt, andre ikkje, så dette kan vere lurt å sjekke ut før du bestiller varer.

Likevel får du svært gode prisar på disse nettstadane, og aller mest er det å spare på hårprodukt. Du bør òg sjekke dei einskilde aktørane si leveringstid før du bestiller, då leveringa hjå somme kan ta opptil to veker. Noko anna å hugse på er at du må betale moms.

Dersom varene du bestiller overgår ein totalsum på 200 kroner, må du betale ekstra. Og på kosmetikkprodukt er satsane så høge som 25 prosent.

Hjå nokre nettbutikkar (til dømes strawberrynet.com) kan du få refundert disse utgiftene, så hugs å sjekk dette om du endar opp med ei høg tollrekning.

Personleg sørvis

Det er dyrare å handle kosmetiske produkt i butikk, men du får mykje ekstra for pengane. Her får du rettleiing for at du skal finne dei rette produkta for deg, og du kan vere trygg på at du kjøper orginalprodukt.

I tillegg får du jo produkta med ein gong, så om du treng den nye mascaraen same kveld, er ikkje det noko problem.

I pose og sekk på taxfree

Om du er svært flink å planlegge, bør du kanskje satse på å kjøpe inn sminke og hudprodukt når du skal ut å fly. I taxfree-butikkane på Gardermoen var fleire av produkta vi sjekka faktisk billigare enn i nettbutikkane.

Men pass på – her var også produkt som var langt dyrare enn på nett. Så planlegg godt, sjekk ut prisar på førehand og kjøp inn favotittprodukta på flyplassen.

Og som ekstra bonus får du i taxfree-butikkane eksperthjelp og rettleiing så du finn dei produkta som passar best for deg.

Visste du at . . .

Prisane på kosmetikk er identiske i parfymeriet i innanlandshallen som i utlandshallen på Gardermoen. Og på denne sida travelvalue.no finn du taxfreeprisane og utvalet på Gardermoen, Værnes og Sola, slik du kan planleggje dine innkjøp.

Då vi sjekka prisane på våre utvalde produkt, såg dei slik ut: (Klikk her)