(Arkivfoto) Barentshavet er et oppvekstområde for den kvoteregulerte norsk/arktiske torskestammen. (Foto: Sætra, Gunnar/SCANPIX)
(Arkivfoto) Barentshavet er et oppvekstområde for den kvoteregulerte norsk/arktiske torskestammen. (Foto: Sætra, Gunnar/SCANPIX)

Enorme mengder torsk i Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet er no på sitt høgste nivå sidan krigen.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I følgje Havforskingsinstituttet kan bestanden i 2011 bli over ein halv million tonn over nivået i 1947. Eit varmare Barentshav er ein av årsakene.

Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet forventer kraftig økning i torskebestanden de nærmeste årene. (Foto: TV 2)
Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet forventer kraftig økning i torskebestanden de nærmeste årene. (Foto: TV 2)

Mindre russisk tjuvfiske

Lågare fiskepress, som følgje av mindre russisk tjuvfiske og varmare klima er to av årsakene til at prognosene for torskebestanden i Barentshavet går til himmels.

I 2011 kan gytebestanden kome opp i 1 600 000 tonn. I 1947 var målingane 1 165 000 tonn.

Faggruppeleiar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet seier til TV 2 at eit varmare klima har gjort beiteområde for torsken mykje større i Barentshavet.

Fryktar kollaps

Fiskerane fryktar at den enorme torskebestanden skal føre til kollaps i økosystemet.

– Kampen om maten kan føre til kannibalisme, og forskerane veit ikkje nok om konsekvensane av dette, seier avdelingsleiar Jan Ivar Maråk i Fiskebåtredernes Forbund.

Han minner om at også bestandane av sild og lodde er svært store i dette området. Beste måten å unngå ein kollaps på er å fiske meir torsk, seier han.

Nok mat

Havforskar Harald Gjøsæter meiner naturen regulerer mengda av torsk, og ser ingen fare for at økosystemet vil bryte saman.

Norsk fiskeri har klart å bli bærekraftig, og nå vil forskerne fortelle EU hvordan vi har klart det. (Arkivfoto). (Foto: Roald, Berit/SCANPIX)
Norsk fiskeri har klart å bli bærekraftig, og nå vil forskerne fortelle EU hvordan vi har klart det. (Arkivfoto). (Foto: Roald, Berit/SCANPIX)

– Det som skjer når det er mindre mat er at torsken blir slankare og legg mindre egg. Han er tilpasningsdyktig og vi har dessutan sett liknande nivå på torskebestanden på 1930-talet utan at det førte til eit samanbrot, seier Gjøsæter.

Forhandlar med russerane

Om nokre veker skal Norge i nye fiskeriforhandlingar med russerane.

Dei siste åra er torskekvotene blitt regulerte etter ein forvaltningsregel som har sikra at kvotane ikkje kan auke med meir enn 10 % årleg. Det er grunn til å tru at dei enorme torskemengdene som er venta i tida framover vil føre til at forvaltningsregelen blir diskutert på nytt.