I nokre fengsel får fangane berre ein liten porsjon grøt å ete i løpet av ein dag. Fangevoktarane har sjølv filma for å dokumentere forholda.
I nokre fengsel får fangane berre ein liten porsjon grøt å ete i løpet av ein dag. Fangevoktarane har sjølv filma for å dokumentere forholda.

Fengsla som sjokkerar

Menn i fillete kle sit stua saman. Dei er berre skinn og bein. Dei er fangar i Zimbabwe.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

- Forholda i fengselet var som ein konsentrasjonsleir, fortel den tidlegare politiske fangen Roy Bennett.

I dag er Bennett vise-landbruksminister i regjeringa til Morgan Tsvangirai. Men i 2004 sat han åtte månader i fengsel. Han hadde aldri trudd forholda skulle vere så ille.

Den tidligere politiske fangen Regis Mujeye fortel at han vart slått med jernrør i fengselet.
Den tidligere politiske fangen Regis Mujeye fortel at han vart slått med jernrør i fengselet.

Skjult kamera

- Då eg kom til fengselet blei eg plassert i ei overfull celle. Vi var tolv personar i eit rom som var meint til seks. Vi tolv måtte dele på to lus-infiserte tepper som ikkje hadde blitt vaska på fleire år, fortel Bennett.

No har det dukka opp bilete frå eit anna fengsel. Fangevokterar som følte dei ikkje lenger kunne tie situasjonen i hel har tatt video med skjult kamera.

Sjå dei sjokkerande bileta.

322364

Sanitære forhold finst knapt ikkje. Fangane har berre nokre filler til kle - og dei svelt. Bennett blei rysta då han såg medfangane sine:

- Folk var berre skinn og bein. Alt ein kunne sjå var auga deira og ribbeina.

Rundt 20 fangar døyr kvar dag i fengsel i Zimbabwe.
Rundt 20 fangar døyr kvar dag i fengsel i Zimbabwe.

Overfylt

Ifølge tal frå 2008 finst det 55 fengsel i Zimbabwe. Dei har plass til 17 000 fangar. Men i oktober i fjor blei det anslått at det sat 35 000 fangar i fengsla.

Mange stader får dei berre eitt måltid om dagen. Fangane er avhengige av slektningane sine for å få nok mat, men dei fleste i Zimbabwe har nok med seg sjølve. Rundt 20 fangar døyr kvar dag, ifølge organisasjonen Zarco i Zimbabwe.

- Det som skjer i fengsla i Zimbabwe i dag er ei menneskerettskatastrofe, slår Roy Bennett fast.

Det anslås at det er dobbelt så mange fangar som det fengsla er bygd for.
Det anslås at det er dobbelt så mange fangar som det fengsla er bygd for.

Ber om støtte

Zimbabwes statsminister Morgan Tsvangirai reiser no rundt til ei rekke land for å be om bistand. Neste veke kjem han til Norge.

Denne vekas utgave av Korrespondenten kan du sjå øverst i artikkelen. Her får du også brei dekning av det spennande presidentvalet i Iran. Du får også sjå at Taliban no taper støtte i Pakistan. I tillegg har vår korrespondent i Washington D.C. spurt kva USAs muslimar og jødar tenker om president Barack Obamas strategi overfor den muslimske verda.