TV 2s reporter Kjetil Iden (innfeldt) opplevde at Østerrikes mest forhatte mann, Josef Fritzl, brøt ut i gråt da han skulle fortelle om sin vanskelige oppvekst. (Foto: Scanpix / APTN / TV 2)
TV 2s reporter Kjetil Iden (innfeldt) opplevde at Østerrikes mest forhatte mann, Josef Fritzl, brøt ut i gråt da han skulle fortelle om sin vanskelige oppvekst. (Foto: Scanpix / APTN / TV 2)

- Eg så Fritzl inn i augene

Då han blei ført ut gjennom ei sidedør i Schwurgerichtssal klarte ikkje Josef Fritzl å styre seg.

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Han snudde hovudet til høgre, og vekk frå den blå ringpermen som hadde skjerma han frå pressa, og kasta eit raskt blikk utover salen som nesten var tømt for pressefolk. I ein brøkdel av eit sekund såg eg inn i augene til Josef Fritzl. Eg var ein av to norske journalistar blant dei 95 som fekk vere til stades i retten den første dagen.

Les også: - Et absurd teater

Nybarbert

Nesten eit år i fangenskap hadde ikkje endra utsjånaden til Josef Fritzl nevneverdig.

Men i motsetnad til bildet som har blitt bukt på utallige avisforsider det siste året, var han nybarbert, sett bort frå den karakteristiske barten på nedre del av overleppa.

fritzl_tema_ny_709803a
fritzl_tema_ny_709803a
Det tynne håret var kjemma bakover, for å dekke mest mogleg.

Men Josef Fritzl skjulte ikkje ansiktet sitt då han satt vendt mot retten og mot juryen. Og i løpet av nokre intense dagar er det dei som avgjer den vidare skjebna for 74-åringen frå Amstetten.

Viktig videoavhøyr

Alle som er i familie med Josef Fritzl har nytta seg av retten til å nekte å vitne i saka. Og verken den ferske aktor i saka, Christiane Burkheiser, eller den rutinerte forsvarsadvokaten Rudolf Mayer har kalla inn andre vitner.

Elisabeth Fritzl. (Foto: Reuters)
Elisabeth Fritzl. (Foto: Reuters)
Derfor blir eit elleve timar langt videoavhøyr med Elisabeth Fritzl heilt sentralt i saka.

I april i fjor såg Elisabeth Fritzl igjen dagslys for første gong på 24 år. No bur ho og dei tre borna på ein psykiatrisk klinikk i utkanten av Amstetten.

Les også: Naboen mistenkte aldri Fritzl