IDYLL: Nyt snøen maksimalt når den først har kommet og du har fri.
IDYLL: Nyt snøen maksimalt når den først har kommet og du har fri.

Tips til vinterferieaktiviteter

Vinterferien er i gong og her er tips til aktiviteter for store og små.

Skibakken er alltid eit flott alternativ, og når snøen lavar ned og sola skin er det lite som er så kjekt som ein tur i bakken. Men i vinterferien er du gjerne aldri aleine i løypene, så kvifor ikkje unngå køa og gjere noko anna?

Topptur

Eit sunt alternativ til skibakken er sjølvsagt å spenne på seg skia eller trugene og gå ein frisk topptur. Her får du som regel alltid første spor, og sjølv om turen opp kan vere eit blodslit er det alltid verdt det på veg ned.

Kos og sunt

Ein langrennstur er ein fin måte å kombinere både litt trening og kos på. Etter litt mosjon i løypa passar det godt å sette seg godt til rette og nyte medbrakt kakao og niste. Og når ein først er ute med langrennskia, kvifor ikkje arrangere ein god gammaldags hoppkonkurranse.

Se også Kjeder du deg?

Uten ski

For dei som ikkje er fødde med ski på verken beina eller i garasjen fins det sjølvsagt mange andre aktivitetar å ta seg til. Kva med ein tur på skøyter? Gjerne kombinert med litt pilking i isen, så har du kanskje dagens middag om du er heldig.

Aking kan aldri slå feil, ta med deg venner eller kjærasten i akebakken og få fram barnet i deg.

Kveldskos

Når kvelden kjem, med stjerneklar himmel og måneskin, er det ingenting som kan slå det å ta seg ein tur ut og brenne pølser på bål og fortelje spøkelseshistorier. Husk for all del berre lommelykta til vegen heim.

Romantisk? Slik unngår du daten fra helvete

Hjemmekjær?

Er du av typen som ikkje likar fysisk aktivitet, kan du fyre opp primusen i bakgarden eller på verandaen heime og koke morgonkaffien ute for å få litt frisk luft. Eller berre fyre opp i peisen og grille marshmallows medan du ser ein god film.

God vinterferie!

Se flere godbiter på waschera.no