Facebook Topp
Facebook Topp

Ein veneførespurnad på fjesboka?

Facebook fins no på nynorsk. Om du vil kan du få veneførespurnader, hendingsinvitasjonar eller dulte kompisane dine.

For omlag eit halvt år sidan begynte skapinga av facebook på nynorsk. Dei som var leie av riksmålet kunne sjølv bli med og oversette nettstaden i tråd med Ivar Aasen sin visjon. Med tida har fleire kome til, og no er over 1500 personar oppførte som oversetjarar i facebook sin eigen oversetjings-application.

I en moderne kvardag

Ein av dei som er mest aktive til å oversetje er Benjamin Endré Larsen. Han anslår sjølv å ha brukt rundt 50-60 timar sidan i fjor haust.

(Artikkelen held fram nedanfor biletet.)

IMPONERT: - Morosamt at med denne oversettinga blir nynorsk eit av dei 35 første facebook-språka i heile verda, seier Jens Kihl i norsk målungdom.
IMPONERT: - Morosamt at med denne oversettinga blir nynorsk eit av dei 35 første facebook-språka i heile verda, seier Jens Kihl i norsk målungdom.

- Eg synast det er bra at nynorsk er med når det kjem nyvinningar i samfunnet. Nynorsk er ei kulturarv vi må ta med oss og fornye, og derfor er eit nynorsk språk, oppdatert og utvikla til web 2.0, ei viktig utfordring, seier han.

Han meiner også at facebook på nynorsk er ekstra bra for ungdom.
- At nynorsk er tilstade i ein moderne kvardag gir ungdommen moglegheit til å bruke det aktivt, og dermed blir det eit naturleg språk å bruke, seier han.

Eit viktig steg

Jens Kihl, leiaren for norsk målungdom, meiner facebook på nynorsk er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom.

- Vi ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter språket sitt for lite. Då er det enormt viktig at dei kan få populære ungdomstenester som facebook på sitt eige språk, meiner Kihl. Dette er med på å syne at nynorsk dug til all slags bruk. Også morosamt er at med denne oversettinga blir nynorsk eit av dei 35 første facebook-språka i heile verda, seier han.

Slik får du nynorsk facebook

Ikkje alle ser nytta av å ha fjesbok i staden for facebook, men i alle fall er det greitt å forandre språket veka før ein skal opp til eksamen i nynorsk, så plukkar ein kanskje opp nokon ord ein kan imponere læraren med. Ein treng ikkje vere med på å oversetje for å få nynorsk facebook. I innstillingar kan du velje språk, vel den som heiter nynorsk (beta). Beta betyr at det er ein uferdig versjon. Når du har valt språket blir du spurt om du vil vere med å oversetje. Vil du det kan du godta «translation application», og bli ein av dei 1500 menneska som er med på å utvikle nynorsk inn ei ny framtid.

Synes du nynorsk facebook er nødvendig? Diskuter nedanfor!

Finn flere godbiter på waschera.no